Kva lærte vi av Manchester United - Barcelona?

Kva lærte vi av Manchester United - Barcelona?

Det var ein tett og jamn kamp mellom to av verdas største klubbar onsdag kveld, men ein augneblinks brillianse var nok til å gjere at bortelaget Barcelona gjekk sigrande ut av det første kvartfinale-oppgjeret. Men kva lærte vi så av kampen? Det skal vi sjå litt på no.

Bilderesultat for manchester united barcelona
Kjelde: 90min

Manchester United: Dårleg backspel, men bra sentral midtbane

Banens verste i går kan nok dei fleste seie seg einige i; nemleg Ashley Young. Engelskmannen slo gjennom som ein rapp kantspelar, men har i dei siste åra vorte flytta ned som back eller vingback på begge sidene. Han har gjort ein nokså bra jobb lenge, men det har etter kvart vorte tydeleg at 33-åringen byrjar å drage på åra. Sjølv om "Dei raude djevlane" klarte å halde Barcelona-angrepet overraskande stille, så sleit Young når han fekk ballen høgt i bana. Han kom til mange innleggsmoglegheiter, heile 11 forsøk faktisk, og trefte ikkje medspelar på eit einaste forsøk! Som eit resultat av dei svake innlegga hadde han lågast treffprosent på pasningane sine av absolutt alle på bana, med svake 73,3 %. Ein svært dårleg kamp, og eit bevis på at han ikkje kan halde fram med å vere høgreback nummer 1 i klubben. 

Eit lyspunkt for United-fansen i denne kampen var måten den sentrale midtbana stod fram på. Fred låg djupt og strødde pasningane rundt seg, McTominay bidrog svært bra både defensivt og offensivt, og Pogba hadde også ein ganske bra kamp. Førstnemnde hadde 87 % treffsikkerheit på pasningane sine, noko som er imponerande sidan han var United-spelaren med klart flest pasningar (74). I tillegg hadde Fred 15 attvinningar av ballen, noko som gjorde at han hadde ein av sine betre kampar i United-trøya. Det vil vere svært kjærkome for Manchester United dersom han kjem i gong og kan levere på dette nivået jamnt. McTominay var nok fort Uniteds bestemann denne kvelden. Han bidrog med å vinne mange duellar i lufta (3), fleire avskjeringar (2) og også nokre driblingar (2). McTominay var god borte mot PSG også, så det verkar som om han likar Champions League godt. Uansett, så var det gledeleg for Manchester United å sjå den sentrale midtbana i aksjon, og dette var utan rutinerte spelarar som Nemanja Matic og Ander Herrera. Dei klarte å stenge av mellomromet framfor midtstopparane, noko som gjorde at Barcelona-angrepet (Messi) ikkje fekk operere på ynskja vis. 

Ole Gunnar Solskjær og mannskapet hans leverte eigentleg ein ganske bra kamp mot eit av verdas beste fotballag. I periodar vart dei spelt djupe, men det må ein nesten rekne med når ein møter Barcelona. Elles leverte United ein kamp der dei kom til innleggsmoglegheiter på høgrekanten, men som dei ikkje klarte å utnytte skikkeleg. Sjølv undrast eg litt over Solskjær sine byte i den andre omgangen. Han set inn Anthony Martial og Jesse Lingard rundt det 70. minutt, noko som er fullt forståeleg, men han byta ut Romelu Lukaku og Diogo Dalot. Kvifor ta ut Lukaku, den beste angriparen til United i luftromet, når ein nesten berre får innleggsmoglegheiter. Og kvifor vart Dalot byta ut, medan Ashley Young fekk spele ferdig kampen på høgrebacken, sjølv om han fekk til svært lite. Etter mi meining ville det vore rett å ta ut Young for Martial, og flytte Dalot ned på høgreback-plassen, og dermed byte til ei firebackslinje. Det er ein grunn til at Solskjær sit i sjefsstolen på Old Trafford og ikkje mange andre, men eg synest byta var merkelege. 

Barcelona: Pique, Busquets, og eit magisk angrep

Gerard Pique slutta i fjor på det spanske landslaget, og har denne sesongen nærmast fått ein renessanse i midtforsvaret til Barcelona. I 2019 har han kanskje vore verdas beste midtstoppar. Kan det vere at han har meir energi retta inn mot klubblaget, ettersom han slepp å reise rundt, spele kampar og bli bua på av fansen til landslaget? Det verkar i alle fall slik. Han beviste også i denne kampen at han held eit svært høgt nivå, og var umogleg å kome seg forbi. Marcus Rashford forsøkte å ta han med seg på løpetur, men klarte ikkje å overliste kjærasten til Shakira. Pique var den med klart mest klareringar i kampen (9), vann flest duellar i lufta saman med McTominay (3), og hadde også ei fabelaktig takling i løpet av kampen. Han var også god med ball i beina. På sine 66 pasningar trefte han på heile 90,9 %. Han og høgreback Nelson Semedo, som forresten også hadde ein svært god kamp, stengte av heile høgresida i Barcelona-forsvaret, og gjorde det nærmast umogleg for Manchester United å kome seg gjennom. Pique var banens beste spelar.

Ankeret på midtbana, Sergio Busquets, hadde ein svært delt kamp. Med ball i beina leverte han ein svært bra kamp. På sine 87 pasningar hadde han ein treffprosent på heile 96,6 %! Dette betyr at han så og seie ikkje gav vekk ballen i løpet av kampen. I tillegg spelte han over United-forsvaret til Messi på målet. Ei fantastisk pasning som klarte å bryte United-blokka, og som ikkje mange andre i verda klarer å både oppfatte og utføre. Så med ball i beina hadde han ein typisk Busquets-kamp der han venda vekk motspelarar i hytt og pine, og var metronomen på midtbana. Men utan ball hadde spanjolen ein svært "shaky" kamp. Han kunne fått gult kort ved i alle fall tre høve, men slapp billeg unna med berre eitt kort. Det var fleire utdelte gule kort som var "billegare" enn det Busquets slapp unna med, så spanjolen var svært heldig. Det har vore tydeleg ei stund at Busquets er på hell, og at nivået, spesielt defensivt, har blitt dårlegare, men med ball i beina er han framleis på eit svært høgt nivå. Då må Ernesto Valverde vege opp pluss (med ball) og minus (utan ball), og sjå korleis Busquets passar inn og kan påverke kampen. Han var heldig som slapp unna utvisning her, men han var instrumental og avgjerande ved scoringa.

Angrepet til Barcelona hadde ikkje sin beste kveld på jobben. Scott McTominay og Fred stengte mellomromet, medan midtstopparane gjekk hardt til i duellane og klarte å halde Messi, Suarez & co unna, utanom den eine gongen. Men så er det slik at såpass gode spelarar berre treng ein sjanse for å score, noko som gjorde at Barcelona gjekk sigrande ut av kampen, utan å vere spesielt gode i den offensive fasa. United-forsvaret vart "ball-watching" då Suarez sette ballen i mål via Luke Shaw. Pasninga frå Messi, bevegelsen til Suarez og den telepatiske kjemien mellom dei er ikkje noko anna enn verdsklasse. Men elles var United-forsvaret bra. Lionel Messi lykkast berre med 40 % av dribleforsøka sine, skapte "berre" ein sjanse, og hadde ingen skot frå ope spel. Og då Philippe Coutinho fekk moglegheita, så stod David de Gea stødig og redda på sedvanleg vis med beina. Kampen vart eit bevis på at det er kostbart å ikkje vere oppmerksame mot såpass gode motstandarar. 

Målkalas på Camp Nou?

Alt i alt var det ei tøff og intens batalje mellom to godt organiserte lag, utan spesielt mange sjansar. Det var kvaliteten på spelarane, og kor kliniske dei er, som vart avgjerande for at kampen enda 0-1. Solskjær og United leverte eigentleg ein god kamp, men utnytta ikkje innleggsmoglegheitene dei fekk på høgresida, og var ikkje kliniske nok. Returkampen blir garantert mykje meir open, sidan Manchester United må framover i bana og ha mål. Då kjem det til å opne seg opp rom for Messi & Co, og det kan potensielt bli ei leikegrind for argentinaren og resten av gjengen. Manchester United kom tilbake på spektakulært vis på bortebane mot PSG i førre runde, og alt er mogleg. Men det er ikkje mange andre lag enn Barcelona som er betre på å utnytte ledige rom, noko det kjem til å bli nok av på Camp Nou om under ei vekes tid. Barcelona er endå større favorittar til å gå vidare enn dei var, men det blir uansett ein herleg og underhaldande kamp. Det er berre å glede seg!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bør Tottenham selje Harry Kane?

Kva lærte vi av Liverpool - Tottenham?

Frå verdas beste til ganske god - kva har skjedd med Harry Kane?