Preview på fotballaurdagen 29. september

Preview på fotballaurdagen 29. september

Førstkomande laurdag får vi servert ein fotballmeny utanom det vanlege. Frå kl. 13.00 og heilt til 20.45 spelast det deilige oppgjer i dei store europeiske ligaane. Her er det berre å leite fram fleire skjermar, sidan fleire av kampane spelast samtidig. 

13.00: Real Sociedad - Valencia

Det er to storklubbar som møtest til dyst tidleg på laurdag. Real Sociedad har opna sesongen greitt og står med to sigrar, to tap og to uavgjorte kampar. Valencia på si side har verkeleg ikkje fått "hjula til å rulle". Dei står med heile fem (!) uavgjorte kampar og eitt tap, men ingen sigrar. Det kan verke som om Valencia har fått i gang innleigde Michy Batshuayi, noko som kjem til å vere til stor nytte for laget. I form er han av dei mest kliniske spissane i Europa. Klubben frå Baskerland har også fått i gang stjernespissen sin, brasilianske Willian. I førre kamp spelte Sociedad 2-2 på heimebane mot Rayo Vallecano, ein kamp dei eigentleg bør vinne. Valencia på si side spelte 1-1 heime mot Celta Vigo, som er eit litt betre lag. Valencia kjem snart til å vinne ein kamp, og det kan fort verte denne. Klubben frå San Sebastian har mange spelarar ute med skader og suspensjonar, medan Santi Mina er Valencias einaste fråver. 

Tips: 1-2 
Mål: Willian, Batshuayi, Rodrigo
Assist: Zaldua, Guedes, Wass

13.30: West Ham - Manchester United

Berre ein halvtime etter at den spanske godbiten vert sparka i gang, skal også denne interessante kampen spelast. West Ham og Manuel Pellegrini ser ut til å ha funne formelen på korleis ting skal gjerast, sidan dei har teke poeng i sine to siste kampar (siger borte mot Everton og uavgjort heime mot Chelsea) etter å ha tapt sine fire første. I West Ham-leiren er m.a.o. optimismen gryande. For dei "raude djevlane" i Manchester er ikkje stemninga spesielt god. No nyleg fekk vi sjå ein video der manager José Mourinho og stjernespelar Paul Pogba verkeleg såg ut som dei mislikte kvarandre. Spørsmålet er nok ikkje om ein av dei kjem til å fare frå klubben, men om kven som kjem til å gjere det og når. Uansett så er dette ei god moglegheit for West Ham å utnytte situasjonen og ta med seg alle poenga. Manchester United har ikkje opptredt spesielt overbevisande denne sesongen, og det uavgjorte resultatet mot Wolverhampton i førre ligakamp viser at dei fortsatt ikkje har funne forma. Romelu Lukaku har ein svært god statistikk mot West Ham og ein kan godt sjå føre seg at han scorar her. Eg trur også at Felipe Anderson får "hol på byllen" og scorar sitt første ligamål i denne kampen.

Tips: 1-1
Mål: Anderson, Lukaku
Assist: Yarmolenko, Lingard

15.00: Roma - Lazio

Kl. 15.00 skal vi over til ein skikkeleg italiensk godbit. Det er duka for Roma-derby på Stadio Olimpico. Burgunder-trøyene er på "heimebane" og vil prøve å rette opp inntrykket etter å ha starta sesongen litt seigt. Dei står ovanfor ei verkeleg utfordring i eit Lazio-lag som har vunne sine fire siste kampar etter å tapt sine to første kampar (mot Napoli og Juventus). Goalgetter Ciro Immobile har kome i gang, samstundes som Luis Alberto og Sergej Milinkovic-Savic også har bidrege bra med sjanseskaping og målpoeng. Roma sin stjernespiss, Edin Dzeko, har faktisk bidrege med fleire målgivande enn mål, medan spelarane i posisjonane bak han har scora ein god del mål. Desse oppgjera bruker alltid å bli underhaldande og med temperatur, så dette er verkeleg ein kamp det er verdt å få med seg. Eg trur at Roma leverer ein svært god kamp og sigrar over sine bitre rivalar. 

Tips: 2-1
Mål: Dzeko, El Shaarawy, Immobile
Assist: Pastore, Ünder, Alberto

16.00: Arsenal - Watford

Denne helgas engelske tippekamp er eit oppgjer mellom nummer seks og fire på tabellen. Sjølv om Watford ligg over Arsenal på tabellen, så viser formkurvene ei anna utvikling. Arsenal har vunne sine fire siste kampar, medan Watford ikkje har vunne sidan 2-1-skalpen mot Tottenham for fire veker sidan. Sjølv om Arsenal har verka "shaky" i forsvar, så har angrepet verkeleg vore gode. Spissane Lacazette og Aubameyang har svært god kjemi og den eine spelar betre når den andre er på bana. Lacazette har blitt heldt ute av startoppstillinga ei stund, men han har vore kanskje Arsenal sin beste spelar og vist at han definitivt fortener å starte. Skotet hans mot Everton førre helg var av det verkeleg vakre slaget. Nord-London-laget har byrja å vise litt "cojones" som Troy Deeney for eitt år sidan sa at dei mangla. Det blir heilt klart ein interessant kamp med mange moment å følgje med på, men Arsenal må vere komfortable med å få eit rimeleg stort favorittstempel. 

Tips: 3-1
Mål: Lacazette x2, Aubameyang, Deeney
Assist: Özil, Ramsey, Aubameyang, Holebas

16.15: Barcelona - Athletic Bilbao

Her må du fram med den tredje skjermen for å få med deg all den deilige europeiske klubbfotballen. To tradisjonsrike klubbar møtest til dyst på Camp Nou, og vi vil nok sjå eit heimelag som vil prøve å slå tilbake etter arbeidsulukka mot Leganes i midtveka. Blaugrana leiar fortsatt ligaen med målforskjell på Real Madrid, men poengtap i dei to siste kampane viser at forma ikkje er heilt på topp. Athletic Bilbao derimot har opna sesongen svakt. Berre ein siger gjer at dei ligg på ein 15. plass, og det kan sjå ut som om dei held fram som sist sesong, då dei endte på ein svært skuffande 16. plass. Dette er eigentleg eit lag og ein klubb som bør vere innanfor dei seks beste laga i ligaen, etter mi meining. Dei har potensiale til å overraske og prestere svært bra i enkelkampar, men akkurat denne blir nok vanskeleg. Lionel Messi si heimeform har vore strålande og ein kan sjå for seg at det kjem til å halde fram her. 

Tips: 3-1
Mål: Messi, Suarez, Dembele, Williams
Assist: Coutinho, Dembele, Messi, Muniain

17.15: Nice - PSG

Vi skal også innom fransk fotball denne dagen, og godbiten Nice - PSG kjem til å by på mange mål og champagne-fotball. PSG har vunne alle kampane sine denne sesongen og har i snitt scora over tre mål kvar kamp. Nice starta derimot svakt, men har vist litt gode tendensar i det siste. Offensivt har dei fleire spennande spelarar, men det er spesielt driblevillige Allan Saint-Maximin som ser ut til å kunne bli skikkeleg god. Han er uredd i stilen, og kan minne litt om Kylian Mbappé i spelestilen. Nice hadde jo ein svært god sesong for to år sidan, og har til tider det nivået inne. Klarer dei å spele heilt på toppnivå, så kan dei tukte laget frå Paris. Eit anna spennande moment i denne kampen er kva slags lag PSG kjem til å stille. Sist dei hadde Champions League-kamp i midtveka så vart både Mbappé og Neymar spart. Denne gangen skal dei spele mot Røde stjerne, så eg ser det som sannsynleg at hovudstadsklubben startar med sine aller beste spelarar. Det kjem til å gjere at dei går sigrande ut av denne kampen. 

Tips: 1-3
Mål: Maximin, Cavani, Mbappé, Neymar
Assist: Melou, Neymar, Di Maria, Rabiot

18.00: Juventus - Napoli

Tilbake til italiensk fotball, og vi har nok ein toppkamp å følgje med på. Nummer ein og nummer to på tabellen, akkurat som førre sesong, møtast til dyst. "Den gamle dame" har vunne alle kampane sine hittil, men i mesteparten av kampane har det lugga litt. Det verkar ikkje som om dei har "funne kvarandre" på bana og spelet har flote deretter. Men på typisk Juventus-vis har dei klart å skaffe seg resultatet og sigrane dei ville ha, og det at Juventus likevel leiar tabellen i ei mindre god periode viser kor dominerande dei er. Napoli har fått inn erfarne Carlo Ancelotti etter at Maurizio Sarri drog til London og Chelsea, samstundes som han tok med seg Jorginho dit. Han er nærmast uerstatteleg på midtbana, men Napoli er i ei særstilling der dei har mange gode alternativ i den posisjonen. Lorenzo Insigne har tatt steget opp som ein av Europas beste offensive spelarar, og han blir viktig dersom dei skal få med seg noko frå denne kampen. Eg trur at Ronaldo, som har kome i gang med målscoringa, og Dybala, som nettopp har byrja å starte kampar igjen, kjem til å skape nok trøbbel for Napoli. Førre sesong vann Napoli 0-1 på overtid etter ei heading frå Kalidou Koulibaly, men denne gongen kjem det til å gå annaleis. 

Tips: 2-1
Mål: Ronaldo, Dybala, Milik
Assist: Pjanic, Sandro, Insigne

18.30: Bayer Leverkusen - Borussia Dortmund

Vi kan ikkje gå utanom tysk fotball på denne fotballaurdagen. To storklubbar møtest i Bayer Leverkusen og Borussia Dortmund. Leverkusen har fått ein dårleg start på sesongen og står med seks poeng på fem kampar, men dei har vunne sine to siste kampar. Dortmund derimot har starta sesongen bra og ligg på ein fin 2. plass, bak Bayern München (surprise). Dei har mange spennande spelarar på gang og når alt klaffar, så spelar dei nydeleg fotball. Dette skjedde i førre kamp mot Nürnberg og den enda heile 7-0 til Dortmund. Marco Reus er for augneblinken skadefri og er ein spelar av høg klasse. Den unge engelskmannen, Jadon Sancho, har også vist seg fram og står med fire målpoeng i ligaen hittil. Savnet av Michy Batshuayi har vore merkbart, men dersom Paco Alcacer kan finne tilbake til Valencia-forma, så har Dortmund ein svært god spelar på topp. Leverkusen har mange spennande spelarar, spesielt framover i bana. Leon Bailey og Julian Brandt har blitt spådd store karrierer, medan purunge Kai Havertz fortsatt har fleire år som talent framfor seg. Det ser ut som om Kevin Volland har kome i gang med å score mål, noko som er viktig dersom laget skal prestere på eit bra nivå. Eg trur kampen blir jamn og utan ei avgjersle. 

Tips: 1-1
Mål: Volland, Reus
Assist: Bailey, Sancho

18.30: Chelsea - Liverpool

Over til engelsk fotball og Premier League igjen, og fotballmenyen held fram med å levere godbit på godbit. Desse laga møttest onsdag kveld i ligacupen, og det var dei blå frå London som gjekk sigrande ut etter ei matchvinnarscoring frå innbytar Eden Hazard. Begge lag har starta sesongen forrykande både poeng- og spelemessig. Det er nemleg nummer ein og tre som skal spele mot kvarandre, og vi kan fort sjå eit av laga tape sine første ligakamp for sesongen her. Liverpool forsterka i dei posisjonane dei trengde i sommar, og det har gitt avkastning. Naby Keita og Alisson ser ut som "1 million", og Fabinho kjem nok til å kome etter kvart. I tillegg til den dødlege trioen på topp, har "scouserane" fått forsvare til å fungere optimalt og har slept inn minst mål i ligaen. Virgil van Dijk er den viktigaste bidragsytaren til dette, men han er kanskje skada til denne kampen. Chelsea fekk ny trenar i sommar, og Maurizio Sarri har verkeleg fått ein pangstart på sesongen. Dei vann alle kampane sine fram til det uavgjorte resultatet mot West Ham førre helg, og laget ser svært tilfredse ut med "Sarri-ball". Eden Hazard er på sitt beste for tida, og når han er det så er han etter mi meining Premier Leagues beste spelar. Jorginho har kome inn og nærmast skyvd sjølvaste N´Golo Kanté til sida, og dikterar spelet og tempoet frå ein djuptliggande midtbaneposisjon. Eg gler meg svært mykje til dette oppgjeret, og eg trur vi får sjå fleire mål frå begge lag.

Tips: 2-2
Mål: Hazard, Giroud, Salah, Milner
Assist: Alonso, Hazard, Firmino, Robertson

20.45: Real Madrid - Atletico Madrid

Laurdagen avsluttast med "juvelen i krona". Madrid-derbyet har fått ei større betydning enn før, ettersom Atletico er med å kjempe på nivå med Real Madrid, noko dei ikkje var for t.d. 10 år sidan. Diego Simeone & co har ikkje starta sesongen på perfekt vis, men dei er likevel berre to poeng bak både Barcelona og Real Madrid. Stjernespelar Antoine Griezmann er i form og har levert fire målpoeng hittil i ligaen, i tillegg til å ha ein god scoringsstatistikk på Santiago Bernabeu. Sjå opp for eit Griezmann-mål! Dei raudkvite har forsterka bra i sommar, og signeringa av Thomas Lemar har verkeleg vist at dei pushar på for suksess. Den viktigaste signeringa derimot var å få Griezmann til å underteikne ny kontrakt. I tillegg er Diego Costa godt inne i rytma etter å ha kome i januar, så ein skal sjå opp for Atletico i både La Liga og Champions League framover. Real Madrid har starta sesongen bra. Gareth Bale har blitt "the main man" og ser ut til å trivst med det. Cristiano Ronaldo er vekke og sjølv om det naturlegvis er ein svekkelse, så ser det ut til at dei har klart å finne ein spelestil som fungerar. Isco, Marcos Asensio og Gareth Bale kan skape trøbbel for kven som helst. Vi skal ikkje gløyme at Real Madrid fortsatt er eit fantastisk lag sjølv om Ronaldo er vekke. Dei vil prøve å revansjere 3-0-tapet mot Sevilla i midtveka med siger her, men eg trur at det fort blir poengdeling. 

Tips: 1-1
Mål: Bale, Griezmann
Assist: Asensio, Koke

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bør Tottenham selje Harry Kane?

Kva lærte vi av Liverpool - Tottenham?

Frå verdas beste til ganske god - kva har skjedd med Harry Kane?