Review Hasundgot 0-1 Hødd 3

Review: Hasundgot 0-1 Hødd 3

Det var ein tett og jamn kamp som utspelte seg på Hasundgot Stadion onsdag kveld, men det var Hødd 3 som trekte det lengste strået og tok med seg alle poenga heim til Høddvoll.

Det var mykje regn og ei våt kunstgrasbane på Dimnøya denne onsdagskvelden.

-       Ein sjansefattig omgang der Hødd 3 var best

Det bitre naboderbyet starta svært sakte. Ingen av laga var villige til å satse og potensielt blottleggje seg i starten, noko kampen bar preg av. Det tok heile 25 min før kampens første sjanse kom, og det var heimelaget som var farleg frampå først. Den kvikke høgrekanten Jørgen Kleiven mottok ei fin pasning frå Nicolai Molvær og kom skrått inn i 16-meteren, der han fyrte av mot lengste hjørne. Hødd sin keeper, Joakim Ulstein, gjorde ein strålande jobb med å få ei hand på ballen og fekk slått den via stonga til corner.

Berre to minutt etterpå var det Hødd sin tur å få ein stor sjanse, og den tok dei godt vare på. Hasundgot skulle nok ha hatt eit frispark i forkant av målet, men dommaren blåste ikkje i fløyta. Johannes Meinseth kom seg fint ned til dødlinja på høgresida og slo eit svært godt innlegg inn i 16-meteren. Der hadde spydspiss Håkon Fjørtoft kome seg åleine og kunne enkelt sette inn 0-1 frå 5 meters hald. Eit godt angrep frå det unge Hødd-laget, men dommaren skulle nok ha blåst frispark i forkant.

Etter dette hadde begge lag sine halvsjansar, men ingen kom til nok ein skikkeleg stor sjanse denne omgangen. Laga gjekk til garderobane, og det var naturlegvis bortelaget som var mest fornøgd etter den 1. omgangen. Dei hadde styrt spelet, skaffa seg leiinga og fått kampen der dei ville ha den.

-       Heimelaget kom meir med i kampen i 2. omgang

Etter 10 minutts kvile var laga klare til å spele dei attståande 45 minutta. Heimelaget starta omgangen best og fekk allereie etter 1 minutt ein stor sjanse. Hødd-keeperen Ulstein vart tvungen til å slå ballen over til corner. Hjørnesparket var godt slått og trefte pannebrasken til spiss og kaptein Ruben Muren, men han klarte ikkje å presse ballen under tverrliggaren.

Like etterpå var Fjørtoft involvert i fleire sjansar, men Hødd klarte ikkje å sette inn sitt andre for dagen. Hasundgot-keeper Joakim Rødven varta opp med ei praktredning på eitt av forsøka hans. Etter desse sjansane var det ein situasjon mellom midtbanespelarane Thomas Gjerde og Nicolai Vik der sistnemnde felte Hasundgot-spelaren. Gjerde vart rasande og sparka til Vik, men dommaren blåste ikkje eingong av spelet. Her skulle det vore kort, kanskje t.o.m. av forskjellige fargar, ute av lomma.

Mellom 60. og 70. minutt skapte Hasundgot fleire sjansar der ballen burde ha funne vegen til mål ein av gongane. Tidlegare Hødd-spelar Vegard Heltne, Nicolai Molvær og Sebastian Kleven slo svært gode innlegg som burde ha blitt omsett i scoring. Nicolai Molvær hadde også ein sjanse i denne tidsperioda. Han fekk skyte frå omtrent 16 meter, men vart pressa hardt og skotet med venstrefoten gjekk utanfor.

Dei neste minutta var prega av bra Hødd-spel der diagonalpasningane frå blant anna midtstoppar Stian Pedersen satt presist på lissene til medspelarane. Dei spelte seg fint nedover langs kantane og innlegga var gode, men avslutningane var ikkje heilt på nivå med innlegga.

Frå det 85. minuttet og inn var det heimelaget som skapte flest sjansar der blant anna Sebastian Kleven og Lars Henrik Hasund kanskje burde ha scora. Heilt på slutten skjedde det ein svært spesiell situasjon. Hasundgot hadde flytta opp alle mann og fekk ei kontring i mot. Hødd-innbytaren Richard Hasund fekk ballen forbi keeper og hadde ope mål, men dommaren valde å blåse av akkurat i det han kom seg forbi keeper. Og om ikkje det var nok, så klaga naturlegvis Hødd-spelarane på dette. Etter det Fotballens Hule erfarer, så skal visstnok dommaren ha sparka til ein Hødd-spelar som klaga og like greitt ha gitt han raudt kort i same slengen. Sparket skal ikkje ha vore med mykje kraft eller intensjonar om å skade, men det var visstnok merkbart utifrå våre kjelder. På kamprapporten på Fotball.no står det berre oppført eitt gult kort på denne spelaren. Her er det ugler i mosen.

- Spesielt å avgjere mot gamleklubben

Vi tok oss ein prat med matchvinnaren Håkon Fjørtoft rett etter kampen. Han sa følgjande: "Eg synest at vi styrte kampen bra og hadde klart mest ballbesittelse. Vi bytta litt mellom å spele med 3 og 4 i forsvar, og vi meistra begge formasjonane i denne kampen. Det var naturlegvis spesielt å score den matchvinnande scoringa mot klubben eg har spelt for i nesten 10 år, nesten litt emosjonelt. Det var sjølvsagt litt ekstra deilig at eg gjorde det i ein såpass viktig kamp." Vidare fortel Fjørtoft at han følte han hadde eit lite overtak på Hasundgot sine midtstopparar, noko han beviste då han kom seg fri frå markeringa og satte inn 0-1. "Vi må halde fram med å ta poeng utover hausten og håpe at laga rundt oss taper poeng. Det blir naturlegvis tøft å ta 1. plassen og rykkje opp, men vi er optimistiske og skal gjere alt i vår makt for å få det til."
Matchvinnaren Håkon Fjørtoft i godt humør rett etter kampen.

- Ein jamn kamp som kunne ha bikka begge vegar

Vi lykkast også i å få tak i Hasundgot-midtstoppar Simon Spjutøy etter kampen. Han sa følgjande: "Det var ein svært jamn kamp der Hødd dominerte banespelet, medan vi hadde flest store sjansar. Hødd var småheldige som fekk med seg alle poenga i dag, dommaren skulle naturlegvis ha blåst av i forkant av målet, men det er det ikkje mykje ein får gjort med no. Vi skulle ha tatt betre vare på sjansane våre og scora fleire mål enn det vi gjorde. Kampen kunne ha bikka begge vegar, men det var Hødd som vann i dag. Surt, men vi ligg uansett på 1. plass. Vinn vi alle dei resterande kampane våre, så kjem vi til å rykkje opp."

Oppsummering

Dette var det ein kan kalle "A game of two halves". Hødd var betre enn Hasundgot i 1. omgang, og vice versa i 2. omgang. Hødd var trygge med ball, medan Hasundgot låg kompakt og godt, noko som var eit venta kampbilete. Fram til det 25. minutt var kampen prega av mykje stillingskrig der ingen av laga fekk etablert eit skikkeleg angrepsspel. Begge lag hadde kvar sin store sjanse den omgangen, og det var bortelaget som utnytta moglegheita best. Etter kvilen opna kampen seg mykje meir opp, og dei frammøtte fekk sjå angrep på angrep. Sett ut frå sjansane i 2. omgang, så burde Hasundgot ha klart å utlikne til 1-1, men dei var rett og slett ikkje kliniske nok framfor mål. Etter kampen kom naturlegvis dommaren i fokus. Det var ein tvilsam situasjon før målet, og på overtid vart det heilt "galehus". Uansett, så blir det svært spennande å følgje med denne avdelinga på hausten. Heile fire lag kan kjempe om opprykk, og det er Hasundgot som er i "pole position". Nøytralt sett var det bra for ligaen at Hasundgot ikkje vann denne kampen, sidan dei då mest sannsynleg hadde avgjort opprykkskampen. 

Kampfakta

6. divisjon, avd. 3

Ca. 50 tilskodarar

Hødd (4-5-1): Joakim Ulstein, Sondre Gjerdsbakk – Ola Heltne Nilsen – Stian Pedersen – Håkon Thormodsæter (K), Johannes Meinseth – Jakob Sætrenes – Kristian Vatsaas – Nicolai Vik – Sander Ringstad, Håkon Fjørtoft

Hasundgot (4-4-2): Joakim Rødven, Gustav Pettersen - Simon Spjutøy - Vegard Heltne - Marius Muren, Jørgen Kleiven - Nicolai Molvær - Thomas Gjerde - Sebastian Kleven, Ronny Jørgensen - Ruben Muren (K)

Mål: Håkon Fjørtoft (26. min), assist av Johannes Meinseth

Gule kort: Johannes Meinseth (55. min), Thomas Gjerde (70. min), Stian Pedersen (90. min)

Dommar: Birger Elias Breivik (Volda Fotballklubb)

Skrive av Erik Krogseth Heimdal

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bør Tottenham selje Harry Kane?

Kva lærte vi av Liverpool - Tottenham?

Frå verdas beste til ganske god - kva har skjedd med Harry Kane?