Kort spelarprofil: Jorge Alberto Gonzalez Barillas - verdas beste fotballspelar du aldri har høyrt om


Verdas beste fotballspelar du aldri har høyrt om

Jorge Alberto Gonzalez Barillas
(Jorge Gonzalez etter spanske namnetradisjonar)

Fødd 13. mars 1958 i San Salvador
Høgde: 1,76
Kjend som «El Magico» / «Magico Gonzalez»
Angrepsspelar

Nasjonalitet: El Salvador (62 landskampar mellom 1976 – 1998, 21 landslagsmål)

Klubbar:
1975 – 1976: ANTEL (Administracion Nacional de Telecomunicaciones)
1976 – 1977: Independiente Nacional 1906
1977 – 1982: FAS (Club Deportivo Futbolistas Asociados Santanecos)
1982 – 1984: Cadiz (Spania)
1985 – 1986: Valladolid (Spania)
1986 – 1991: Cadiz (Spania)
1991 – 1999: FAS

Om “El Magico” er det sagt at han ville vore rekna som ein av verdas ti beste spelarar gjennom alle tider dersom han hadde vore argentinar eller brasilianar. Diego Maradona var hans største fan. Han hadde blendande teknikk og dribleferdigheiter, men dårleg oppførsel utanfor bana (party, party) og manglande ambisjonar gjorde at han ikkje nådde dit han kunne nådd – men det var kanskje ikkje det han ønskte?

I år 2000 vart «El Magico» kåra til 1900-talets beste fotballspelar i heimlandet El Salvador, men kunne det ha vore så mykje, mykje meir for denne ballkunstnaren?

Gjesteinnlegg av Einar Heimdal

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bør Tottenham selje Harry Kane?

Kva lærte vi av Liverpool - Tottenham?

Frå verdas beste til ganske god - kva har skjedd med Harry Kane?