Review: Frankrike - Kroatia

Review: Frankrike - Kroatia

I ei omstridt finale gjekk franskmennene sigrande ut mot Kroatia. Kroatia var fullt på høgde med Frankrike i banespelet, men "Les Bleus" var effektive og betre i avgjerande augneblinkar. Mykje av kampen vart diverre overskygga av VAR og dommar Nestor Pitana. 

Samandrag

Det første kvarteret av kampen var sjansefattig og med Kroatia leiande i banespelet. I det 18. minutt derimot, fekk Antoine Griezmann eit feildømt frispark dømt for seg. Den moglegheita nytta han godt. Han slo frisparket godt inn i farleg område, og der stod Mario Mandzukic og stussa ballen vidare i mål. 1-0 til Frankrike etter ein potensiell dommarfeil og eitt sjølvmål. I historiebøkene kjem dette faktisk til å bli skrive ned som tidenes første sjølvmål i ei VM-finale. Stakkars Mandzukic...

I det 29. minutt skulle kroatane slå tilbake! Etter klabb og babb i feltet fekk Ivan Perisic kontroll på ballen og hamra den inn med venstrefoten. Svært kontant og effektivt av Inter-spelaren. 1-1.

Nokre få minutt etterpå skulle nok ei kontroversiell dommaravgjerdsle bli avgjerande og gå i favør "Les Bleus". Blaise Matuidi stussa ballen vidare frå ein corner og ballen traff handa til Ivan Perisic. Kroaten såg ikkje ballen eller ballbana skikkeleg, men det som talar i mot han er at han gjorde ein bevegelse mot ballen i det han fekk auge på den. Ein vanskeleg situasjon, men etter mi meining skulle det ikkje vore dømt straffe. VAR var heilt på jordet her, sidan dei kun skal gripe inn ved "klar feil", noko dette heilt klart ikkje var. Det at dommar Nestor Pitana vart fortalt at han måtte sjå situasjonen på nytt gjorde han usikker, noko som definitivt påverka avgjerdsla hans. Ein må gi kudos til Antoine Griezmann som sette straffa iskaldt i ei VM-finale. Han skaut nede til venstre og sendte keeper den andre vegen. 2-1 i Moskva.

Etter målet var Ante Rebic farleg frampå, men Hugo Lloris rydda svært godt opp. Kroatia var det beste laget dei første 45 minutta, men Frankrike var laget i leiinga. To kontroversielle dommaravgjerdsler gjorde at Kroatia kunne føle seg snytt til pause.

Etter pause var begge lag farleg frampå, høvevis med Ante Rebic og Kylian Mbappé, men det var franskmennene som skulle auke leiinga. I det 60. minutt mottok Paul Pogba ballen på rundt 25 meter. Først skaut han i "blokka", men på sitt andre forsøk sette han ballen, med venstrefoten, i mål. Keeper Danijel Subasic tok eit juksesteg feil veg, noko som vart utslagsgivande for at ballen gjekk i mål. Dette var eit skot han kunne og burde ha gjort noko med. 3-1.

Rett etterpå var Griezmann nære ved å auke leiinga atter ein gang, men berre 5 minutt etter Frankrike sitt tredje mål, skulle turneringas unge spelar bli medlem av ein eksklusiv klubb. Han vart den tredje tenåringen til å score i ei VM-finale. Lucas Hernandez drog seg fint forbi nokre motstandarar på venstresida før han slapp ballen til Kylian Mbappé. Forsvarar Domagoj Vida kom aldri opp i eit skikkeleg press, så Mbappé fekk god tid til å skyte. Skotet var heilt greit, men Subasic skulle nok ein gang ha gjort sakene sine betre. Skotet var verken spesielt hardt eller godt plassert, men gjekk likevel i mål. Hadde Kroatia-keeperen gitt opp? 4-1.

Berre 4 minutt etter Mbappé sitt mål skulle Hugo Lloris få ei aldri så lita hjerneblødning. Han mottok ballen i sin eigen 16-meter og prøvde med arroganse å finte vekk ein av verdas beste defensive spissar, Mario Mandzukic. Ikkje rett mann å prøve stuntet på. Juventus-spelaren gjekk ikkje på finta og blokkerte/takla ballen i mål. 4-2.

Kroatia hadde nokre halvsjansar etter 4-2-målet, men Frankrike klarte å halde dei unna dei store sjansane. Det var 20 år sidan "Les Bleus" og Didier Deschamps vart verdsmeistrar, og dei har nok ein gang gjenteke bragda. 

Statistikk

Tilskodartal: 78 011
Possession: 39 % - 61 %
Skot: 7 - 11
Skot på mål: 6 - 4
Gjennomførte pasningar: 68 % - 83 %
Hjørnespark: 2 - 6
Gule kort: 2 - 1

Spelarbørs

Frankrike:


Hugo Lloris: Har vore fantastisk god i meisterskapet, og spelte lenge bra i finalen også, men i det 69. minutt gjorde han ei megatabbe som kunne ha kosta laget mykje meir enn det gjorde. Han er ein av grunnane til at dei har kome til finalen, men han var heldig som ikkje øydela for laget sitt med tabba. Spelte elles ein feilfri kamp, men tabba trekkjer karakteren ned. Karakter: 5

Benjamin Pavard: Høgrebacken sleit med å få taket på Ivan Perisic, og kroaten gjorde også at Stuttgart-spelaren ikkje fekk bidra med mykje framover. Ei fantastisk turnering, men ein svak kamp for franskmannen. Karakter: 5

Raphael Varane: Hadde, i likskap med mange andre på det franske laget, ein litt dårlegare kamp enn det han har levert i dei andre kampane. I den 1. omgangen vart han slått i nokre duellar og mangla litt på konsentrasjonen, men i 2. omgang gjorde han nokre viktige taklingar og viste autoritet. Han er i ferd med å bli ein av verdas beste midtstopparar. Karakter: 7

Samuel Umtiti: Barcelona-midtstopparen hadde, i likskap med midtstopparkollega Raphael Varane, ein kamp der han betra seg undervegs. Han hadde sine dårlege augneblinkar i byrjinga av kampen, men hadde viktige involveringar på slutten av kampen. Karakter: 7

Lucas Hernandez: Pådrog seg eit gult kort rett før pause og lagde frispark på sida si, men leverte også ei målgivande pasning. Ein heilt grei kamp frå Atletico Madrid-backen som har hatt ei god turnering. Karakter: 6

N´Golo Kanté: Chelsea-spelaren kom fortent med på turneringas lag, men hadde ein av sine verste kampar på lenge. Pådrog seg eit gult kort i første omgang, noko som hemma spelet hans vidare. Sleit med å kontrollere midtbana og vart tatt ut rett etter pause. Karakter: 4

Paul Pogba: Midtbanespelaren runda av ei fantastisk turnering med ein svært god kamp. 3-1-mål er kun hans forteneste. Pasninga han sendte til Mbappé i forkant var heilt fantastisk og bør sjåast av alle som har ambisjonar om å bli gode fotballspelarar. Han fekk deretter tak i ballen og tok Subasic på senga med eit venstrefota skot. Svært god kamp frå Manchester United-spelaren. Karakter: 8

Kylian Mbappé: Tenåringen lurte venstreback Ivan Strinic fleire gongar og var eit konstant uromoment. Krona ei vidunderleg turnering med eit langskot som gjekk i mål. Keeper skulle rett nok ha redda, men mål er mål. Var også involvert i 3-1-målet. Denne gutungen kjem til å vinne Ballon d´Or ein eller anna gong. Karakter: 7

Antoine Griezmann: Etter mi meining banens beste i denne kampen. Er utslagsgivande med eit godt frispark på Mandzukic sitt sjølvmål og er iskald frå 11-meteren. Er elles tungt involvert i det meste Frankrike gjer framover på bana. Karakter: 8,5

Blaise Matuidi: Vi fekk ikkje sjå Juventus-spelaren på sitt beste, som vi gjorde mot Belgia, men han la ned det harde og usynlege arbeidet, og vart som spådd bytta ut i løpet av kampen. Tilføyer løpskraft og defensive "fiber" i laget. Karakter: 6

Olivier Giroud: Chelsea-spissen har blitt hetsa av mange som ein passasjer i dette Frankrike-laget, men det er langt frå sanninga! Starta ikkje opningskampen, og ein såg kor mykje Frankrike sleit utan han. Etter at han vart introdusert i laget har han gjort medspelarane sine betre. Han er eit svært godt oppspelspunkt og skaper mykje rom for dei andre. Karakter: 7

Steven N´Zonzi: Vart bytta inn for Kanté rett etter pause og gjorde akkurat det han vart sett inn for. Stengte rom, spelte enkelt og gjorde det lett for forsvaret. Karakter: 7

Corentin Tolisso: Kom inn og haldt fram med å gjere Matuidi sin jobb. For lite speletid til vurdering.

Nabil Fekir: Erstatta Olivier Giroud, men fekk ikkje nok tid til å sette sitt preg på kampen. For lite speletid til vurdering.

Kroatia:

Danijel Subasic: Skulle ha gjort det betre på Frankrike sine to siste mål, og utøvde ikkje i nærheita av like mykje tryggheit som i dei andre kampane. Karakter: 3

Sime Vrsaljko: Atletico Madrid-backen gjorde ein ganske god kamp. Han klarte å halde venstresida og Matuidi stille, samstundes som han kom til fleire innlegg. Karakter: 6

Dejan Lovren: Før kampen erklærte han seg som ein av verdas beste midtstopparar, og det var lett å sjå at han tok feil. Hang ikkje med på Mbappé og Griezmann sine kvikke bein, og verka ikkje å vere "på". Karakter: 4

Domagoj Vida: Midtstopparen var god i duellspelet og gjorde fleire viktige taklingar i løpet av kampen. Mbappé sprang forbi han ved eit høve, men det er han slett ikkje åleine om. Eit godt meisterskap og ein god kamp frå kroaten. Karakter: 7

Ivan Strinic: Sleit, i likskap med Lovren, med Frankrike sine kvikke spelarar. Han hadde rett nok ikkje ei lett oppgåve med å halde Mbappé stille, og han klarte det ikkje spesielt bra. Karakter: 4

Marcelo Brozovic: Hadde ei svært viktig takling i eiga boks, og spelte elles ein god kamp. Han var spelaren med flest pasningar i finalen og spelte på ein effektiv måte. Karakter: 7

Luka Modric: Hadde god kontroll på bane- og pasningsspelet, men sleit med å få uttelling framover på bana. Hadde ei nydeleg utsidepasning som fekk publikum på beina og spelte ein vanleg Modric-kamp. Verka kanskje litt sliten, men spelte likevel ein ganske god kamp. Vart korrekt kåra til turneringas spelar. Karakter: 6

Ivan Rakitic: I likskap med Modric, spelte han også ein god kamp. Uttelling framover var det einaste som mangla. Pasningsspelet var skarpt og presist, men frustrasjonen auka etter kvart. Karakter: 6

Ante Rebic: Rebic klarte aldri å kome seg skikkeleg inn i kampen og vart etter kvart bytta ut. Han hadde nokre sjansar til å kunne få avslutta, men det stemte ikkje. Karakter: 4

Ivan Perisic: Kroatia sin beste spelar i finalen. Var ein konstant trussel på venstresida, og scora eit nydeleg mål med venstrefoten. Han har vore svært bra og tungt involvert framover for Kroatia, noko han heldt fram med i denne kampen. Karakter: 8

Mario Mandzukic: Jobba bra defensivt og fekk med seg eit mål p.g.a. bra press, men scora også sjølvmål. Ein frustrerande kamp for Juventus-spissen. Karakter: 5

Andrej Kramaric: Kom inn for Rebic og gjorde ein bra figur! Skapte fleire sjansar og han burde kanskje ha starta kampen. For lite speletid til vurdering.

Marko Pjaca: Kom inn i det 82. minutt, og fekk ein sjanse til å score, men mottaket var for dårleg. For lite speletid til vurdering. 

Oppsummering

Alt i alt kan Kroatia føle seg ganske snytt. Frisparket på 1-0-målet og handsen på 2-1-målet var kontroversielle, og etter mi meining burde begge avgjerdslene blitt løyst annaleis. Kroatia var det klart beste laget i 1. omgang, men Frankrike tok meir over i 2. omgang. Pogba og Mbappé sine mål burde ha blitt avverga, eller i det minste burde Subasic ha gjort eit betre forsøk, og lufta gjekk litt ut av Kroatia-ballongen. Dei fekk seg eit mål rett etterpå, men klarte aldri å spele seg til dei store sjansane. Alt i alt bør begge lag vere svært nøgde med prestasjonane sine i denne turneringa. Det var ikkje mange som hadde spådd at dette vart finalen til slutt, og det er det som har vore fantastisk med dette VM-et. Det har vore ope og uforutsigbart, noko som bidreg til stor underhaldning. Det er vemodig at meisterskapet er over, spesielt m.t.p. at neste VM blir svært rart og merkeleg. Frankrike vart mykje betre i sluttspelet, medan Kroatia leverte sin beste fotball i gruppespelet. Det er lenge sidan vi har sett så mange mål i ei finale, vi må minst 40 år tilbake for å finne ei finale med like mange eller fleire mål. Ein svært underhaldande kamp, men synd at kontroversielle avgjerdsler skulle vere med på å avgjere kampen. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bør Tottenham selje Harry Kane?

Frå verdas beste til ganske god - kva har skjedd med Harry Kane?

Kva lærte vi av Sheffield United 3-1 Tottenham?