Preview: Kroatia - England

Preview: Kroatia - England

Onsdag kveld er det duka for nok ein VM-semifinale. Kroatia og England møtest til dyst på Luzhniki Stadion til ein svært open kamp. Kven går sigrande ut av "Blazerane" og "Three Lions?

Lagnyheiter - Kroatia

Trenar Zlatko Dalic blir nøydd å gjere endringar på laget, ettersom høgreback Sime Vrsaljko er ute med skade. Danijel Subasic og Dejan Lovren har slite med småskader, men er forventa å vere tilbake til kampen. Får vi sjå ein gammal ringrev som har spelt i Premier League kome inn? Det skal ein ikkje sjå vekk frå. 

Forventa lagoppstilling (4-2-3-1):
Danijel Subasic
Vedran Corluka - Dejan Lovren - Domagoj Vida - Ivan Strinic
Ivan Rakitic - Marcelo Brozovic
Ante Rebic - Luka Modric (K) - Ivan Perisic
Mario Mandzukic

Som sagt er Subasic forventa å fortsette i "buret", sjølv om han har slite med ei lita skade. Han såg ut til å ha pådratt seg ein strekk i kampen mot Russland, men det var visst ikkje så alvorleg som det såg ut til å vere. Sidan Vrsaljko er ute med skade, så må det kome inn ein erstattar, og det er ingen andre ringarar enn den tidlegare Tottenham-spelaren Vedran Corluka som er forventa å starte. For eit par år sidan kunne nok Corluka ha gjort ein god jobb, men han har blitt eldre og treigare, noko som kan utnyttast av Raheem Sterling & co. Det han derimot kan bidra med er erfaring og "smartness", noko som ikkje skal undervurderast. Tin Jedvaj kan også kome inn, men det er spådd at Corluka blir erstattaren. I midtforsvaret kjem Kroatia til å halde fram på same vis. Dejan Lovren har også slite med ei skade, men er mest sannsynleg tilbake til denne kampen. Midtstopparmakkaren hans, Domagoj Vida, var i fare for å bli sendt heim p.g.a. politiske ytringar, men slapp unna med ein advarsel. På venstreback kjem Sampdoria-spelaren Ivan Strinic til å halde fram med å spele. Han er ein solid back som har levert eit bra meisterskap hittil. 

Eg trur at Dalic kjem til å gjere fleire endringar enn berre i forsvaret. Sjølv om Andrej Kramaric scora i førre kamp, så var det ein overraskelse at Marcelo Brozovic vart benka, men eg trur fort at han kjem inn i lagoppstillinga igjen. Dermed går han inn saman med Ivan Rakitic på midtbana, samstundes som Luka Modric blir flytta fram i ei slags 10ar-rolle. Noko Dalic kanskje bør gjere, men som han mest sannsynleg ikkje kjem til å gjere, er å ha Mateo Kovacic i laget frå start. Han er ein svært anvendeleg spelar, og vil av mange bli skildra som betre enn Brozovic. Kovacic kan spele overalt på midtbana og vil bidra med mykje. Kroatia har ufatteleg god dekning og kvalitet sentralt på midtbana, kanskje VMs beste, men Real Madrid-spelaren bør få spele meir. Litt lenger framme på bana finn vi kaptein og ein av VMs beste spelarar; Luka Modric! Han har kontrollert alle kampane han har spelt i, det einaste han ikkje har fått heilt til er å skyte straffer (sjølv om han har scora på 2 av 3). England bør kneble midtbanegeneralen dersom dei vil ha håp om avansement. På kantane finn vi Ante Rebic og Ivan Perisic, fysisk robuste spelarar som kan skape trøbbel for det engelske forsvaret. Begge har levert målpoeng hittil i VM, og Perisic har til vane å levere svært bra i meisterskap. Sjå ikkje vekk frå at Perisic er involvert dersom Kroatia får ballen i nettet. Heilt framme finn ein Mario Mandzukic - ein svært undervurdert spelar. Han er svært god i lufta, rett og slett god til å score mål, samstundes som han kan byte posisjonar med dei andre der framme i løpet av kampen. På det eine målet mot Russland trakk Mandzukic ut mot venstrekanten og la inn til Kramaric som heada ballen i mål. Juventus-spelaren er svært god og veldig lur i måten han spelar på. 

Lagnyheiter - England

Gareth Southgate treng mest sannsynleg ikkje å gjere endringar i laget til denne kampen. Sjølv om han ikkje må, så kan det jo hende at han vil. Det blir svært interessant å sjå korleis England stiller opp laget sitt. 

Forventa lagoppstilling (3-5-2):
Jordan Pickford
Kyle Walker - John Stones - Harry Maguire
Kieran Trippier - Dele Alli - Jordan Henderson - Jesse Lingard - Ashley Young
Harry Kane (K) - Raheem Sterling

Ein VM-helt er fødd i målet, nemleg Jordan Pickford. Han har kanskje vore VMs beste målvakt, og har levert praktredning på praktredning, i tillegg til ei svært viktig strafferedning. Han gjer forsvaret framfor seg trygge og har verkeleg blitt vaksen i løpet av turneringa. Southgate kjem nok til å halde fram med 3-backslinja han har brukt hittil, og gjer nok ikkje endringar i spelarane som har spelt der heller. Kyle Walker har blitt omskulert, og tilfører fart til midtforsvaret. Sjølv om han har kløna i nokre augneblinkar (straffesituasjonen mot Tunisia), så har han gjort sakene sine svært bra. John Stones har også levert eit bra meisterskap, og er faktisk England sin mestscorande spelar etter kaptein Harry Kane med 2 mål (begge mot Panama). Han er svært god med ball i beina og er den som slår gjennom ledd frå forsvaret. Den siste midtstopparen, Harry Maguire, tilfører duellstyrke, fysikk og målfarlegheit - og har blitt oppspelspunktet på dødballane til England. Han har vore svært god og effektiv hittil. På høgre-vingback finn vi Tottenham-spelaren Kieran Trippier. Han har vore VMs beste høgreback, og har rett og slett levert eit fantastisk meisterskap. Han slår svært gode hjørnespark og korridorfrispark og får alltid ballen til å lande på Maguire sitt hovud. Dødballane har vore han sin "force" i dette meisterskapet, men han har også vore solid defensivt. Trippier har rett og slett blitt ein nøkkelspelar for Southgate sitt England. På den andre vingbacken finn vi Ashley Young, som også slår nokre av dødballane. Han passar perfekt i vingbackrolla, og har heldt Danny Rose ute av laget.

Sentralt på midtbana kan det hende at Southgate kjem til å gjere endringar. Jordan Henderson har slite med ei lita skade, men er forventa å vere tilbake og klar til kampen. Det som derimot kan skje er at Eric Dier eller Fabian Delph blir satt inn på midtbana for anten Dele Alli eller Jesse Lingard, for å hjelpe til med å stoppe Luka Modric & co. Sjølv om dette kan skje, så er det vanskeleg å sjå føre seg at han tek ut Alli eller Lingard. Jesse Lingard har vore god hittil i turneringa, og blir nok ikkje tatt ut av laget. Sjølv om Dele Alli ikkje har vore spesielt god, så har han x-faktor og er kjend for å dukke opp i avgjerande augneblinkar. Korleis Southgate stiller opp sentralt på midtbana blir difor svært interessant. Heilt framme på bana er kaptein Harry Kane klink på laget. Han er toppscorar i turneringa med 6 mål, der mesteparten av måla vart scora i gruppespelet. Han har blitt mannsmarkert i kampane mot Colombia og Sverige, noko som har skapt rom for andre spelarar. Dette betyr at sjølv om han ikkje leverer målpoeng, så gjer han stor nytte for seg. Saman med han har Raheem Sterling starta dei viktige kampane, men han har ikkje fått det heilt til å stemme hittil. Han tilfører hurtigheit på topp, og er eigentleg ein svært god spelar - noko som mest sannsynleg er grunnen til at han har fått halde fram med å starte kampane. Jamie Vardy slit med ei lita skade, så dersom ein spiss blir bytta inn i løpet av kampen, blir det fort Marcus Rashford som kjem inn først.

Spelarduell: Harry Kane vs Dejan Lovren

Det finst mange duellar i denne kampen, men akkurat denne er ikkje blitt valgt ut tilfeldig. I oktober 2017 møttest Tottenham og Liverpool til kamp på Wembley, og Harry Kane spelte Dejan Lovren, bokstaveleg talt, av bana. Kane leverte 2 mål og 1 assist, medan Lovren vart bytta ut før (!) 45 minutt var spelt. Lovren har "reist" seg sidan den kampen, og har vore bra for Liverpool sidan nyttår. Han har vore bra for Kroatia i VM også, men han kjem opp mot si største utfordring hittil. Harry Kane er, som tidlegare sagt, toppscorar i turneringa og ein av verdas beste spissar. Han er ganske komplett, ettersom han kan score og sette opp lagkameratane sine også. Colombia sin måte å stoppe Kane på var å lage frispark, medan Sverige rett og slett fotfulgte han. For at Kroatia skal gå vidare til finalen, så bør midtforsvaret til Kroatia klare å hindre Tottenham-spelaren, samstundes som dei ikkje blir for opptekne av han slik at andre spelarar får mykje spelerom. 

Tips

Denne kampen blir akkurat så god som ein VM-semifinale bør vere. Den er svært open og kan gå begge vegar. Begge lag har stjernespelarar i t.d. Luka Modric og Harry Kane som kjem til å bli avgjerande for at laget skal avansere til finalen. Begge lag har overgått forventningane og det er morosamt å tenkje på at eitt av desse laga faktisk er i VM-finalen. Det hadde ein ikkje trudd på førehand! Kroatia var svært gode i gruppespelet, og kampen mot Argentina var eksepsjonell på alle måtar. Dei har derimot slite med å avgjere kampane i sluttspelet, sidan begge kampane har gått til straffesparkkonkurranse. England på si side hadde lett motstand i gruppespelet, medan dei har overbevist meir enn Kroatia i sluttspelet. Colombia-kampen var jamn, men dei vann til slutt fortent, medan Sverige-kampen var kontrollert og god. Stemninga i England-laget og landet generelt er fantastisk og optimistisk, noko eg trur kan løfte dei fram til siger i denne kampen. Det kan fort gå til ekstraomgangar, men eg trur England vinn til slutt, uansett om kampen er ferdigspelt i løpet av 90 minutt eller meir. Mitt tips: 1-2 - Mål: Mandzukic, Alli, Kane.

Kommentarer

  1. Fin annalyse, men dette Croatialaget kommer til å male istykker England. Tipper 2-0

    SvarSlett
    Svar
    1. Enig i at Kroatia fort kan gå vidare, men trur ikkje dei klarer det i løpet av 90 minutt. Eg kan sjølvsagt ta feil;)

      Slett
  2. Første gang jeg er inne på siden din, mye bra informasjon men det tar tid og innta den informasjon når det er skrevet så og si på nynorsk, jeg som er utlending kan såvidt forstå bokmål også skal jeg skjønne det, en liten utfordring men det går. Tror du hadde fått flere til å leste artiklene dersom du skriver enkelt og på bokmål ellers er det knall informasjon som jeg hadde likt å få med meg i forkant av store kamper, enten om det er pl, serie a, bundesliga osv. Stå på og lykke til.

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for fine ord! Nynorsk er på ein måte del av identiteten min og måten eg skriv på, så kjem nok til å halde fram med det;)

      Slett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Bør Tottenham selje Harry Kane?

Frå verdas beste til ganske god - kva har skjedd med Harry Kane?

Kva lærte vi av Sheffield United 3-1 Tottenham?