Preview: Frankrike - Belgia

Preview: Frankrike - Belgia

Tysdag kveld er det duka for VM-semifinale mellom nabolanda Frankrike og Belgia. Kven av "Les Bleus" og "The Red Devils" kjem til å gå sigrande ut av oppgjeret på St. Petersburg Stadion?

Lagnyheiter - Frankrike

Frankrike har ein frisk og rask tropp. Den einaste som er tvilsam til semifinalen er høgreback Djibril Sidibe, ettersom Blaise Matuidi er tilbake frå suspensjon, noko som kan føre til endring i laget. Utanom det er Didier Deschamps forventa å halde fram på same vis. 

Forventa lagoppstilling (4-2-3-1):
Hugo Lloris (K)
Benjamin Pavard - Raphael Varane - Samuel Umtiti - Lucas Hernandez
N´Golo Kanté - Paul Pogba
Kylian Mbappé - Antoine Griezmann - Blaise Matuidi
Olivier Giroud

Kaptein Hugo Lloris har hatt eit svært bra VM, og kapteinen er naturlegvis sjølvskriven i laget. Han leverte kanskje VMs beste redning mot Uruguay i kvartfinalen. På høgrebackplassen er ei ny stjerne fødd, nemleg Stuttgart-spelaren Benjamin Pavard. I 2016/2017 spelte han i 2. Bundesliga, medan i 2018 er han førstevalet på høgreback for Frankrike i VM - litt av ei utvikling! Han kan også spele som midtstoppar, noko som gjer han til ein attraktiv spelar på marknaden i tida framover. I midtforsvaret finn vi Raphael Varane og Samuel Umtiti, to svært talentfulle spelarar som er på veg til å bli to av verdas beste midtstopparar. Dei har hatt sine augneblinkar der dei har rota det til (t.d. Umtiti sin hands mot Australia), men alt i alt har dei spelt svært bra i lag. Venstreback Lucas Hernandez er ein litt gammaldags back som er solid defensivt, men som ikkje bidreg spesielt mykje offensivt. Det siste verkelege defensive "fiberet" i laget er, kanskje verdas beste defensive midtbanespelar, N´Golo Kanté. Chelsea-spelaren har, likt med dei tre siste sesongane hans, vore heilt fantastisk i dette meisterskapet. Han er verdas beste på å vinne att ballen og fungerer strålande som eit skjold framfor forsvaret. Dersom Kanté held fram med prestasjonane, så skal Belgia få slite med å finne rom på Frankrike sin banehalvdel. 

Kanté sin kompanjong på midtbana er Paul Pogba. Han bidreg med fysikk, overblikk og målpoeng. P.g.a. N´Golo Kanté får Pogba ei meir offensiv rolle, noko han trivast svært godt med. Framfor han finn vi nokre svært gode spelarar. Kva kan ein seie om Kylian Mbappé som ikkje allereie er sagt? Eit lynhurtig rykk, ein dødeleg skotfot, og "smartness" har gjort at 19-åringen kanskje er tidenes beste på hans alder. Han sendte landet sitt vidare mot Argentina, og samarbeidet hans med Pavard på høgresida blir fort det Belgia må passe mest på. I 10ar-rolla finn vi enda ein god fotballspelar i Antoine Griezmann. Atletico Madrid-spelaren har fått den kreative rolla i laget, og har levert med glans. Fire målpoeng og generelt bra spel hittil gjer at Griezmann blir svært viktig for blåtrøyene. Blaise Matuidi kjem mest sannsynleg inn for Corentin Tolisso, ettersom Juventus-dynamoen er tilbake frå suspensjon. Denne rolla er litt spesiell, og litt meir defensiv enn Griezmann og Mbappé si. Rolla er til for å skape løpskraft, og ein kan forvente seg at Matuidi blir bytta ut for Tolisso ein eller annan gang i løpet av kampen. Heilt fremst finn ein Olivier Giroud, ein svært undervurdert spelar. Han er eksepsjonell til å skape rom for lagkameratane sine, noko som er nyttig, spesielt når ein har Antoine Griezmann og Kylian Mbappé på laget sitt. I tillegg er han ein av verdas beste spelarar i luftromet, noko som er ein svært nyttig ressurs, både i ope spel og på dødballar. 

Lagnyheiter - Belgia

Belgia-trenar Roberto Martinez vert nøydd å gjere endringar på laget som slo Brasil, ettersom Thomas Meunier har blitt suspendert til denne kampen. Kjem han til å fortsette som mot Brasil eller endrar han på taktikk og formasjon? Det blir svært spennande å sjå. 

Forventa lagoppstilling (3-4-2-1):
Thibaut Courtois
Toby Alderweireld - Vincent Kompany - Jan Vertonghen
Yannick Carrasco - Axel Witsel - Marouane Fellaini - Nacer Chadli
Kevin de Bruyne - Eden Hazard
Romelu Lukaku

Chelsea-keeper Thibaut Courtois er "bankers" i laget. Han leverte ei "matchvinnande" redning mot Brasil, og ser dermed ut til å vere i toppform. Dei tre midtstopparane har heller ingen grunnar for å bli satt ut av laget. Alderweireld og Vertonghen kjenner kvarandre svært godt (både frå Ajax og Tottenham) og samarbeidar på meisterleg vis, medan Kompany er ein solid midtstoppar med mykje erfaring, leiareigenskapar og rutine. Sidan Thomas Meunier er suspendert, må endringar til på høgre-vingback. Meunier er ein nøkkelspelar i Martinez sitt 3-backssystem, og kjem til å bli vanskeleg å erstatte. Det er forventa at Nacer Chadli og Yannick Carrasco spelar på kvar sin vingback, men det er ikkje lett å seie kven som spelar kvar. Begge har hovudsakleg spelt på venstresida, men Chadli er den som har prestert best der. Difor trur eg at Chadli får halde fram på venstresida, medan Carrasco får i oppgåve å spele på høgresida. Det har også vore snakk om at Martinez går over til ei 4-backslinje der Vertonghen og Chadli tek kvar sin back, noko som kan skje, men eg trur Martinez kjem til å fortsette med sin vante formasjon. 

Sentralt på midtbana kjem nok krølltoppane Axel Witsel og Marouane Fellaini til å halde fram. Til Brasil-kampen flytta Roberto Martinez Kevin de Bruyne lenger fram, tok ut Dries Mertens og sette Marouane Fellaini inn på midtbana - dette var fort genistreken som gjorde at dei vann kampen. Difor trur eg at dei kjem til å halde fram med den same taktikken. Witsel har ikkje vore særleg god i meisterskapet, men leverte rimeleg bra mot Brasil, mest sannsynleg nok til å få fortsette i laget. Mange ville nok bytta han ut til fordel for Mousa Dembele, og ein kan godt skjønne det synspunktet. Dembele er ein klart betre spelar enn Witsel og vil styrke midtbana, noko som faktisk kan vippe kampen i laget sin favør. Dersom Martinez skal halde fram med å vere eit taktisk geni, så bør han introdusere Dembele i laget til semifinalen, etter underteikna si meining. Trioen på topp er av høg, høg klasse. Mot Brasil spelte Lukaku lenger ute mot høgre, medan de Bruyne spelte som ein "falsk niar",  men ein kan fort sjå føre seg at dei skiftar plassar igjen. Dersom dei klarer å spele saman, slik som dei gjorde mot Brasil, så kjem kaptein Eden Hazard, som spelar i ei ganske fri offensiv rolle, & co til å skape trøbbel for "Les Bleus".

Spelarduell: N´Golo Kanté vs Eden Hazard

Denne duellen vert mest sannsynleg den avgjerande faktoren for kven som kjem til å gå vidare til finalen. Dette blir ein kamp om å finne rom og mellomrom, noko desse to klubblag-kameratane er ekspertar på. Hazard kjem til å prøve å finne rom mellom midtbana og forsvaret, og har hittil lykkast med det. Han var banens beste mot Brasil, og Fernandinho klarte ikkje å fange opp den vesle belgiaren. Belgiaren har fire målpoeng hittil og har stort sett fått halde på som han vil, men han møter si største utfordring hittil i denne kampen. Kanté er nemleg ekspert og kanskje verdas beste til å stenge rom. Han spring ufatteleg mykje og er "overalt", noko som har gjort at fleire trur han har meir enn to lunger. Desse to spelarane kjenner kvarandre svært godt frå Chelsea, og veit korleis dei eventuelt skal utnytte eller stoppe kvarandre, noko som gjer duellen til ekstra interessant og spesiell. Klarer Hazard å finne rom så kjem Belgia fort til å vinne, men dersom Kanté lykkast i å stenge alt av rom blir Frankrike favorittar. Denne duellen blir avgjerande!

Tips

Dette blir ein fantastisk underhaldande og interessant kamp! Det blir spennande å sjå kven som går sigrande ut av duellar som Kanté vs Hazard, Lukaku vs Umtiti/Varane og Mbappé vs Carrasco/Vertonghen. Frankrike verkar meir solide defensivt enn raudtrøyene, medan Belgia kanskje bidreg med meir offensivt enn "Les Bleus". Begge kjem frå sterke sigrar mot dei søramerikanske landa Uruguay og Brasil, og den som vinn denne kampen blir nok sett på som favoritten i finalen. Dersom Belgia klarer å få kampen inn i same spor som mot Brasil, så kjem dei til å kontre i senk Frankrike også, men dersom Frankrike klarer å unngå kontringar i mot, så kjem dei til å vinne - lettare sagt enn gjort for begge laga. Kampen er heilt open og frykteleg vanskeleg å spå, så eg trur at laga kjem til å gå til ekstraomgangar, men eg har ei lita kjensle på at Belgia kjem til å ta seg vidare. Mitt tips: 1-1 (1-2 e.e.o.) - Mål: Mbappé, Lukaku, (Hazard).

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bør Tottenham selje Harry Kane?

Kva lærte vi av Liverpool - Tottenham?

Frå verdas beste til ganske god - kva har skjedd med Harry Kane?