Preview: Brasil - Belgia

Preview: Brasil - Belgia

Fredag kl. 20.00 er det duka for kvartfinalane sin deiligaste kamp i Brasil - Belgia. Klarer førehandsfavoritten frå Sør-Amerika å tukte Belgia på europeisk jord?

Lagnyheiter - Brasil

Brasil må sjå seg nøydde til å  endre på laget som slo Mexico 2-0 i åttedelsfinalen. Casemiro er ute med suspensjon, medan Marcelo mest sannsynleg er tilbake frå skada han pådrog seg i den siste gruppespelskampen mot Serbia. 

Forventa lagoppstilling (4-2-3-1):
Alisson Becker
Fagner - Thiago Silva (K) - Miranda - Marcelo
Fernandinho - Paulinho
Willian - Philippe Coutinho - Neymar
Gabriel Jesus

På keeperplass har Brasil meir enn god nok dekning, ettersom både Alisson Becker og Ederson er med i troppen til Russland. Begge har levert svært gode sesongar for Roma og Manchester City, men det er Becker som har fått tillit frå landslagstrenaren Tite, og det ville vore merkeleg dersom han byrja å byte om på dette no. På høgreback var det Danilo som starta den første kampen i meisterskapet, men i dei tre neste kampane har det vore Fagner som har fått tillit frå start. Danilo var ikkje spesielt god i sin kamp, medan Fagner har levert ganske gode prestasjonar, så han spelar mest sannsynleg neste kamp. Midtstopparane er heilt "klinke" i lagoppstillinga, sjølv om ein svært god midtstoppar i Marquinhos er på benken. Venstreback-plassen er svært interessant før denne kampen. Filipe Luis kom inn for Marcelo etter 11 minutt i kampen mot Serbia og spelte 90 minutt mot Mexico - kampar der laget ikkje slapp inn eitt einaste mål. Dette kan gjere at Luis får fortsette, men Marcelo har tidlegare vore ein svært viktig del av dette brasilianske laget, og det vil vere litt overraskande dersom han ikkje kjem inn i laget igjen. 

Sentralt på midtbana er ankeret Casemiro ute med suspensjon, noko som gjer at Manchester City-spelaren Fernandinho kjem inn i posisjonen og rolla hans. Saman med Fernandinho kjem Paulinho til å fortsette i ei "boks-til-boks"-rolle. Denne rolla har Paulinho gjort til si eiga, ettersom han leverte flest mål (6 stk), saman med Neymar, i kvalifiseringa. Litt lenger framme finn ein også svært gode spelarar. Dei tre plassane bak spissen er skreddersydde for Willian, Philippe Coutinho og Neymar. Willian har eit av dei beste rykka i fotballverdenen, samstundes som han jobbar svært bra bakover. Coutinho og Neymar står for mesteparten av sjansane som blir skapte, og kan sjåast på som playmakerane i laget. Desse spelarane er "bankers" i startoppstillinga. Heilt framme er det Gabriel Jesus som har fått starte kampane hittil, noko som kan seiast å vere litt merkeleg. Konkurrenten hans, Roberto Firmino, har levert ein "outstanding" sesong i Liverpool, og dei gongane han har kome inn har Brasil sett endå bedre ut. Han er svært god på å skape rom for dei andre, noko som er svært nyttig når ein har virtuosar som Neymar og Coutinho. Det skal seiast at Gabriel Jesus er ein svært god spiss, og han kjem nok til å starte kvartfinalen, men Roberto Firmino ville nok tilført laget endå "meir". 

Lagnyheiter - Belgia

Belgia har korkje skadar eller suspensjonar, noko som gjer at trenar Roberto Martinez mest sannsynleg ikkje kjem til å endre på lagoppstillinga. 

Forventa lagoppstilling (3-4-3):
Thibaut Courtois
Toby Alderweireld - Vincent Kompany - Jan Vertonghen
Thomas Meunier - Axel Witsel - Kevin de Bruyne - Yannick Carrasco
Dries Mertens - Romelu Lukaku - Eden Hazard (K)

I "buret" har ikkje Thibaut Courtois konkurranse i Simon Mignolet, så han er sjølvskriven i laget. Dei tre midtstopparane er også ganske sikre i lagoppstillinga, sjølv om dei slapp inn to mål mot Japan i førre kamp. Spelarar som Dedryck Boyata, Thomas Vermaelen og Leander Dendoncker er reservane deira. På høgre-vingback er Thomas Meunier sjølvskriven og utan konkurranse. Han har levert bra offensivt hittil og har assistert to mål. På den andre vingbacken har Yannick Carrasco starta dei viktige kampane, men etter å ha spelt dårleg mot Japan vart han bytta ut etter 65 minutt. West Bromwich-spelaren Nacer Chadli kom inn og scora det avgjerande sigersmålet. Kan dette gjere at Chadli startar neste kamp? 

Sentralt på midtbana er det duoen Axel Witsel og Kevin de Bruyne som har fått tillit frå start, noko som verkar merkeleg for mange, sidan Mousa Dembele sit på benken. Axel Witsel, i likskap med Yannick Carrasco, spelar fotball i Kina. Dembele, derimot, har dominert kampar for Tottenham mot lag som Juventus, Manchester United og Real Madrid denne sesongen. Dette gjer at mange set spørjeteikn ved Martinez og korleis han vel ut laget, noko som er svært forståeleg. Dei tre fremste posisjonane er krystallklare. Ballkunstnaren Dries Mertens og kaptein Eden Hazard forflyttar seg i områda rundt Romelu Lukaku, og forar han med gode pasningar. Dette har gjort Lukaku til ein av dei største kandidatane til gullstøvelen. Belgia sitt lag er ganske forutsigbart og ein veit korleis dei kjem til å stille opp. 

Spelarduell: Neymar vs Eden Hazard

Denne kampen blir svært tett og jamn, og det kan fort vere at desse to stjernespelarane vert avgjerande. Dei har levert ganske liknande tal hittil i turneringa, ettersom dei begge har scora to mål. Eden Hazard har ein assist meir enn Neymar, men har rett nok møtt lettare motstand - noko som gjer at dei står ganske likt. Dei er ganske like i spelestilen - driblesterke, stort finterepertoar, dødeleg rykk og målfarlegheit. Så lenge Neymar klarer å halde seg vekke frå å rulle rundt på grasmatta, er han ein fabelaktig god spelar og har kanskje ein liten "edge" på Hazard nivåmessig. Dersom Belgia klarer å få han i "overspelings og rulle rundt-modus", så kan Hazard fort avgjere kampen medan Neymar ikkje har "hovudet på plass". Begge desse spelarane er, som dei seier på engelsk, "the focal point" og er involverte i det meste av det offensive spelet, noko som gjer dei avgjerande.

Tips

Dette blir ein fantastisk fotballkamp! Kanskje den største favoritten, Brasil, møter ein outsider i Belgia, og den som vinn denne kampen kan fort vinne heile turneringa. Begge laga vann gruppene sine og har dermed hatt rimeleg god kontroll i gruppespelet. Brasil tok seg også kontrollert vidare mot Mexico i åttedelsfinalen, medan Belgia gjorde det vanskeleg for seg sjølv etter å ha slept inn to mål mot Japan. Dersom Belgia spelar som mot Japan, kjem Brasil, Neymar og Coutinho til å øydeleggje Belgia. Dei må heve nivået frå Japan-kampen. Det som var bra frå kampen mot Japan var at Martinez klarte å gjere forandringar som gjorde at Belgia vann til slutt. To av målscorarane, Nacer Chadli og Marouane Fellaini, var begge innbyttarar. Brasil på si side er avhengige av at Neymar eller Coutinho er "påskrudde", noko dei har vore hittil.  I motsetnad til tidlegare tider har Brasil sett meir defensivt solide ut enn før, medan angrepet kanskje har vore litt tammare. Belgia sine kampar har vore målrike og dei ser ikkje spesielt defensivt solide ut, noko som kan opne for ein svært artig fotballkamp. Brasil er små favorittar, men søramerikanske lag har hatt som vane å slite på europeisk grunn. Eg trur at kampen går til ekstraomgangar, men at Brasil vinn til slutt. Mitt resultattips: 2-2 (3-2 e.e.o.)

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bør Tottenham selje Harry Kane?

Kva lærte vi av Liverpool - Tottenham?

Frå verdas beste til ganske god - kva har skjedd med Harry Kane?