Preview: Manchester United - Tottenham

Preview: Manchester United - Tottenham

Laurdag kl. 18.15 er det duka for semifinale i FA-Cupen på Wembley i eit oppgjer mellom to av England sine beste lag, Manchester United og Tottenham. 

Lagnyheiter - Manchester United

For Manchester United er det kun reservekeeper Sergio Romero som ikkje kan vere med i troppen til denne kampen, noko som ikkje hindrar laget noko særleg. Sidan Romero er den einaste ute med skade, så har José Mourinho difor svært mange moglegheiter til kven som skal vere med og korleis laget skal settast opp. 

Forventa lagoppstilling:
David de Gea
Antonio Valencia - Chris Smalling - Eric Bailly - Ashley Young
Ander Herrera - Nemanja Matic - Paul Pogba
Jesse Lingard - Romelu Lukaku - Alexis Sanchez

Den einaste som er litt usikker i dei bakre rekkene er Chris Smalling. Her kan Victor Lindelöf eller Phil Jones kome inn dersom Mourinho vil, men Smalling kjem mest sannsynleg til å få tillit frå start. Midtbana ser ganske "bankers" ut, sjølv om Marouane Fellaini og Scott McTominay er moglege val. Framover på bana er det fleire alternativ. Romelu Lukaku og Alexis Sanchez spelar ganske sikkert frå start, medan den siste plassen kan gå til Jesse Lingard, Marcus Rashford eller Anthony Martial. Mourinho har m.a.o. eit luksusproblem framover på bana. Personleg trur eg Lingard for spele, fordi han er god på Wembley og i storkampar. Tidlegare i sesongen har United spelt 4-2-3-1 også, noko som vanlegvis har vore Mourinho sin "go to"-formasjon, men i det siste er det 4-3-3 som har vore tingen, og det kjem nok til å fortsette i denne kampen. 

Lagnyheiter - Tottenham

For Tottenham er det midtbanegeneral Harry Winks og venstreback Danny Rose som garantert er ute med skade. Den anvendelege sidebacken Kyle Walker-Peters er usikker og skal gjennomgå "fitness"-testar.

Forventa lagoppstilling:
Hugo Lloris
Kieran Trippier - Davinson Sanchez - Jan Vertonghen - Ben Davies
Eric Dier - Mousa Dembele
Heung-Min Son - Christian Eriksen - Dele Alli
Harry Kane

Lagoppstillinga er langt i frå spikra for laget frå Nord-London. Michel Vorm har spelt alle kampane i FA-Cupen hittil og kan ha ein avtale med Mauricio Pochettino om at dersom dei skulle kome så langt i turneringa som dei har gjort, så skulle han få fortsette heile vegen. Det blir altså enten klubbkaptein Hugo Lloris eller Michel Vorm i mål. Høgrebackplassen ser ut til å gå til Kieran Trippier som har spelt betre enn konkurrent Serge Aurier i det siste. Etter ein god opptreden mot Brighton tirsdag kveld kan ein sjå ein av Premier League sine beste midtstopparar spele frå start, nemleg Toby Alderweireld. Personleg trur eg det beste for Tottenham er å starte ei trebackslinje med Alderweireld som ein av midtstopparane, men trur nok at Pochettino kjem til å fortsette i 4-2-3-1-formasjonen. Eric Dier får nok tillit frå start foran Victor Wanyama, og Dembele kjem til å fortsette sentralt på midtbana. Framover på bana er Christian Eriksen, Dele Alli og Harry Kane sjølvskrivne på laget, medan den siste plassen kan diskuterast. Heung-Min Son får nok starte etter å ha levert ein strålande sesong hittil. Erik Lamela og Lucas Moura er dei andre alternativa, der sistnemnde gjorde ein god figur mot Brighton. Dersom Tottenham stiller i ein 3-4-3-formasjon så kjem nok Heung-Min Son til å bli ofra til fordel for Alderweireld. Tottenham har mange moglegheiter til korleis dei skal sette opp laget sitt. 

Tidlegare møter

På dei siste 16 oppgjera mellom Manchester United og Tottenham, så har United vunne 7, Tottenham har vunne 5, medan 4 enda uavgjort. Dei siste 6 kampane har kvart av laga vunne annankvar gong. Heimelaget har vunne kvar gong i dei kampane. United har faktisk vunne 1-0 i dei tre sigrane på heimebane. Sidan Tottenham vann forrige kamp, så er det Man Utd "sin tur" å vinne no, dersom ein skal gå ut frå tidlegare oppgjer mellom laga. Dette går altså i favør Manchester United. 

Spelarduell: Jesse Lingard vs Dele Alli

Dei to engelske, offensive midtbanespelarane har begge hatt gode sesongar. Dette er to potensielle matchvinnarar, og eg trur at den av dei som gjer det best, kan vippe sigeren i deira lag sin favør. Jesse Lingard har scora 13 mål i alle turneringer denne sesongen, medan Dele Alli har scora 12 stk. Når det gjeld målgivande pasningar har Jesse Lingard 6 stk i alle turneringer, medan Dele Alli har 15 stk. Alli har altså klart fleire målpoeng enn Lingard. Det har blitt sagt av mange at Alli har hatt ein dårleg sesong, men det er heilt feil. Han har spelt i ei litt meir kreativ og skapande rolle, noko ein ser igjen i antal assistar. Filmesituasjonane hans har overskygga mykje av dei gode prestasjonane. Han fekk vist kvaliteten sin på Stamford Bridge for tre veker sidan. Jesse Lingard på si side har sin beste sesong hittil i karriera. Han har vore eit friskt pust i eit United-lag som til tider har vore litt tungt. Han er også i stand til å gjere det i storkampar, sidan han vart matchvinnar mot Chelsea tidlegare i sesongen, og i 2016 vart han matchvinnar i FA-Cup-finala mot Crystal Palace. Desse to spelarane kan verte avgjerande, så følg litt ekstra med på dei.

Tips

No er vi inne i den avgjerande delen av sesongen og viktige utslagskampar skal spelast. Denne kampen har potensiale til å bli fantastisk. Dette er begge lag si siste moglegheit til å vinne trofé denne sesongen, noko Tottenham treng litt meir enn Man Utd. På dei siste fem kampane har begge lag lik statistikk, med 3 sigrar, 1 tap og 1 uavgjort kamp. Begge lag har i tillegg svært få skader, så bortimot alt tyder på at det blir ein jamn fotballkamp med mykje kvalitet. Det er to trenarar som er svært opptatt av defensiv struktur som møtest, så sjølv om det kan bli målfattig, så blir det nok ein god fotballkamp for dei med eit taktisk og strategisk auge. Det er på tide at Tottenham klarer å vinne avgjerande kampar og eit trofé, noko som kan slå begge vegar. Dei kan enten bli svært gira eller for nervøse. Manchester United og José Mourinho har svært mykje erfaring og rutine i slike situasjonar, så det blir ei hard nøtt for Tottenham å knekke. Eg trur at denne kampen fort går til ekstraomgongar og kanskje t.o.m. straffesparkkonkurranse. Mitt resultattips: 1-1.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bør Tottenham selje Harry Kane?

Frå verdas beste til ganske god - kva har skjedd med Harry Kane?

Kva lærte vi av Sheffield United 3-1 Tottenham?