Preview: Tottenham - Huddersfield

Preview: Tottenham - Huddersfield

Etter ei periode med sjukdom, så er eg klar med ein preview igjen. Laurdag 3. mars brakar formlaga Tottenham og Huddersfield saman. Tottenham har hatt og kjem til å ha midtveke-kamp, noko som gjer at det blir interessant å sjå korleis lagoppstillinga blir og korleis kampen kjem til å spele seg ut.

Lagnyheiter - Tottenham

For Tottenham er Toby Alderweireld den einaste som garantert er ute. Tottenham har sjølv bekrefta at Jan Vertonghen er tilbake i trening, så det blir spennande å sjå om han er med frå start. Som forrige helg, så blir det frykteleg vanskeleg å tippe lagoppstillinga, denne gangen m.t.p. den viktige Champions League-kampen mot Juventus onsdag kveld.

Lagoppstillinga blir mest sannsynleg:
Hugo Lloris
Serge Aurier - Davinson Sanchez - Jan Vertonghen - Ben Davies
Eric Dier - Mousa Dembele
Christian Eriksen - Dele Alli - Heung-Min Son
Harry Kane

Dei store spørsmåla her er, som vanleg, kven som skal spele på backplassane. Aurier har ein suspensjon i Champions League, noko som gjer at han spelar denne kampen. Sidan Danny Rose spelte mot Rochdale onsdag kveld, så tippar eg at Ben Davies startar denne kampen. Det einaste dilemmaet her er om Davies blir kvilt til kampen mot Juventus. I tillegg er Vertonghen-situasjonen vanskeleg å spå, blir han kvilt eller skal han spele seg tilbake i form igjen? Resten av laget føler eg at er ganske satt. Tippar at Son spelar, sidan han var den første som vart tatt ut av han, Lucas Moura og Erik Lamela mot Rochdale. 

Lagnyheiter - Huddersfield

For Huddersfield er Sean Scannell, Elias Kachunga og Jon Stankovic garantert ikkje med laurdag ettermiddag. Midtbanegeneral Aaron Mooy er mest sannsynleg ikkje med, i alle fall ikkje frå start. Det er mogleg at han kan vere med på benken. Chris Löwe skal gjennomgå testar på førehand for å sjå om han kan spele, og Philip Billing kan vere tilbake frå sjukdom.

Lagoppstillinga blir mest sannsynleg:
Jonas Løssl
Florent Hadergjonaj - Mathias Zanka Jørgensen - Christopher Schindler - Terence Kongolo
Jonathan Hogg - Danny Williams
Colin Quaner - Alex Pritchard - Rajid van la Parra
Steve Mounie

Venstreback-plassen er litt usikker, fordi både Terence Kongolo og Scott Malone kan spele der, men personleg trur eg at Kongolo får tilliten. Colin Quaner er også litt usikker, sidan det evigunge talentet Tom Ince er i klubben, men Quaner sin assist i førre kamp gjer at han får starte. I tillegg har Steve Mounie kome inn i varmen igjen og levert bra, noko som gjer meg 95 % sikker på at han startar foran belgiske Laurent Depoitre. 

Spelarprofil: Alex Pritchard

Ein spelar ein bør følgje med er Huddersfield sin tidlegare Tottenham-gutt Alex Pritchard. Pritchard kan bli ein farleg mann på laurdag. Han har nemleg mål og assist på dei siste to kampane til Huddersfield. I tillegg har han ein god dødballfot, som saman med kontringar vil vere Huddersfield sine beste angrepsvåpen i ein kamp der dei er forventa å ha rundt 30 % ballinnehav. Pritchard kan spele både som ein tradisjonell "10-ar" og som ving, spesielt på venstresida der han kan kutte innover i bana og skyte. Pritchard har habil teknikk og kjem til å vere den som skaper moglegheiter for Huddersfield. Sjå opp for den 24 år gamle engelskmannen. 


Tidlegare møter

Sist Huddersfield slo Tottenham var i april 1956. I tida etter det har Tottenham tre sigrar og tre uavgjorte kampar. Dette viser at laga har møtt kvarandre svært få gangar dei siste 60 åra. Forrige møte mellom laga var 30. september på John Smith´s Stadium der Tottenham stakk komfortabelt av med ein 0-4-siger. Det var forøvrig kampen Moussa Sissoko scora sitt einaste Premier League-mål for Tottenham.


Tips

Sjølv om begge lag er i form, så har eitt lag vist lengre og vedvarande form; nemleg Tottenham. Dei har faktisk ikkje tapt ein einaste fotballkamp i 2018, og eg trur at dette kjem til å fortsette. Sjølv om Huddersfield har vunne dei to siste kampane, så føler eg meg ganske sikker på at Tottenham tek sigeren her. Det blir ei taktisk batalje der begge lag liker å presse det andre laget, men eg trur at kvaliteten til Tottenham kjem til å skine gjennom her. Huddersfield kan få eitt mål på ein dødball eller ei kontring, men Tottenham tek sigeren her. Resultattips: 3-0.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Dele Alli bør få speletid – her er kvifor:

Kva er grunnen bak Højbjerg sin formdupp?

Analyse: Korleis kjem Pochettino sitt PSG til å sjå ut?