Preview: Swansea - Tottenham

Preview: Swansea - Tottenham

Laurdag kl. 13.15 er det duka for kvartfinale i FA-cupen mellom walisiske Swansea og engelske Tottenham. Klarer Tottenham å "gjere jobben" utan talismanen Harry Kane?

Lagnyheiter - Swansea

For Swansea er Angel Rangel, Leroy Fer Renato Sanches, Leon Britton og Wilfried Bony ute med skade. I tillegg er Andre Ayew og Andy King "cup-tied", og Jordan Ayew suspendert. 

Lagoppstillinga blir mest sannsynleg:
Lukasz Fabianski
Mike van der Hoorn - Federico Fernandez - Alfie Mawson
Kyle Naughton - Sam Clucas - Ki Sung-Yueng - Tom Carroll - Martin Olsson
Luciano Narsingh - Tammy Abraham

Vi ser her at Tom Carroll mest sannsynleg kjem inn for Andy King, som har spelt svært bra for walisarane etter at han kom i januar. Brødrene Ayew er dei som har fått tillit på spissplassane dei foregåande kampane, men no som begge er ute, så er det nok Tammy Abraham og Luciano Narsingh som får sjansen. 

Lagnyheiter - Tottenham

For Tottenham er stjernespiss Harry Kane garantert ute med skade, medan Toby Alderweireld kan vere klar til å spele igjen. I tillegg skal Dele Alli gjennomgå testar for å sjå om han kan vere med. Danny Rose og Ben Davies har slite med den fysiske forma i siste, men begge er forventa å vere tilgjengelege for kamp på laurdag. 

Lagoppstillinga blir mest sannsynleg:
Hugo Lloris
Serge Aurier - Davinson Sanchez - Jan Vertonghen - Ben Davies
Eric Dier - Mousa Dembele
Erik Lamela - Dele Alli - Christian Eriksen
Heung-Min Son

Høgrebackplassen er utruleg vanskeleg å tippe. Serge Aurier leverte ein svært god kamp mot Bournemouth søndag ettermiddag, medan Kieran Trippier har fått kvile seg sidan nederlaget mot Juventus i Champions League, så her er det ingen klar kandidat. Eg forventar også at Ben Davies spelar mot sin tidlegare klubb laurdag ettermiddag etter å ha stått over mot Bournemouth forrige helg. Sidan Harry Kane er ute frå skade, så kjem enten Fernando Llorente inn eller så blir Heung-Min Son flytta fram som spiss, og dermed Erik Lamela eller Lucas Moura inn bak spissen. Eg trur at Son får tillit på topp, sidan han leverte ein fantastisk kamp mot Bournemouth. 

Tidlegare møter

På dei 14 kampane Tottenham og Swansea har mellom kvarandre i Premier League, så har 11 av dei enda med siger til Tottenham og 3 uavgjorte kampar. Det betyr at Tottenham aldri har tapt mot Swansea i Premier League. Forrige kamp mellom laga vart spelt 2. nyttårsdag i år på Liberty Stadium. Der enda kampen i ein 0-2-siger der Fernando Llorente scora mot gamle lagkameratar og Dele Alli putta eitt mål. Kampen før enda 0-0 på Wembley i september. Så, dersom ein ser på historikken mellom laga, har Tottenham ein klar fordel. 

Spelarprofil: Serge Aurier

Den ivorianske høgrebacken har vore i vinden både positivt og negativt i det siste. I førre kamp slo han til med nok eit feilkast, etter å ha blitt historisk mot Crystal Palace med 3 feilkast i same kamp. Men, Aurier var farleg frampå og scora mål, i tillegg til å leggje til rette for Dele Alli. Serge Aurier står med 2 mål og 3 assistar i alle turneringer hittil i sesongen, noko som er ganske bra for ein back. Han har også rotert mykje med Kieran Trippier, så dei offensive bidraga hans er meir enn godkjende, men defensivt har han litt å jobbe med. Råpotensialet er stort med ein voldsom fysikk og fart, men han må tenke meir rasjonelt og smart. Han har laga fleire unødvendige straffer og fått raudt kort, så Aurier må jobbe med avgjerslene sine. Dersom han og Pochettino kan få på plass dette, så har Tottenham verkeleg ein juvel i stallen. 

Tips

Portugisaren Carlos Carvalhal har verkeleg fått sving på sakene etter at han tok over. På dei siste 16 kampane har Swansea kun tapt 2 av dei, medan Tottenham ikkje har tapt i ligaen enda, så det er to formlag som møtest her. Det blir spennande å sjå om Tottenham klare å fortsette like bra som Bournemouth, utan Harry Kane på topp. Eg trur at dette fort kan bli ein jamn kamp, "cup er cup", trass alt. Mauricio Pochettino har ikkje satsa skikkeleg hardt på dei heimelege cupane før, men sidan Tottenham er ute av Champions League, og gjerne vil ha eitt trofé, så ser eg for meg at dei startar med sitt sterkaste mannskap. Swansea kjem til å kjempe hardt, men eg trur at Tottenham er verkeleg innstilte på å gå vidare her. Mitt resultattips: 1-2. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Dele Alli bør få speletid – her er kvifor:

Kva er grunnen bak Højbjerg sin formdupp?

Analyse: Korleis kjem Pochettino sitt PSG til å sjå ut?