Preview: Manchester United - Liverpool

Preview: Manchester United - Liverpool

Laurdag ettermiddag kl. 13.30 er det duka for hatoppgjeret mellom Manchester United og Liverpool. Kven kjem til å vinne av "The Red Devils" og "The Reds"? 

Lagnyheiter - Manchester United

For dei raude frå Manchester er garantert Phil Jones, Daley Blind og Zlatan Ibrahimovic garantert ute. Midtbanedynamo Ander Herrera er også mest sannsynleg ute. Marouane Fellaini kan vere tilbake, medan Anthony Martial og Marcos Rojo er tvilsame.

Lagoppstillinga blir mest sannsynleg:
David de Gea
Antonio Valencia - Eric Bailly - Chris Smalling - Ashley Young
Scott McTominay - Nemanja Matic - Paul Pogba
Jesse Lingard - Romelu Lukaku - Alexis Sanchez

Eric Bailly er forventa å vere tilbake, og dersom han er klar, forventar eg at han spelar frå start i staden for svenske Victor Lindelöf. Scott McTominay kjem nok til å fortsette å få Mourinho sin tillit. I tillegg trur eg at Jesse Lingard startar foran både Juan Mata og Marcus Rashford. Paul Pogba får nok også starte, til trass for litt sviktande form i det siste. 

Lagnyheiter - Liverpool

For Liverpool er det kun Nathaniel Clyne som garantert er ute av denne kampen. Georginio Wijnaldum er kanskje tilbake frå sjukdom, i tillegg til Jordan Henderson og Andrew Robertson som fekk seg nokre trøkkar dei førre kampane, men eg har trua på at begge er med frå start.

Lagoppstillinga blir mest sannsynleg:
Loris Karius
Trent Alexander-Arnold - Joel Matip - Virgil van Dijk - Andrew Robertson
Alex Oxlade-Chamberlain - Jordan Henderson - Emre Can
Mohamed Salah - Roberto Firmino - Sadio Mané

Keeper Loris Karius har stått i mål den siste tida, og kjem nok til å fortsette å få Klopp sin tillit. Sidan Wijnaldum mest sannsynleg ikkje startar, så kjem Oxlade-Chamberlain inn i laget. Dejan Lovren kan spele i staden for kamerunske Matip, men eg trur at Matip spelar frå start. Resten av laget, spesielt dei fremste tre spelarane, er "bankers". 

Spelarprofil: Mohamed Salah

"Den nye faraoen" har levert langt over forventningane denne sesongen. Han har vore ein av ligaen sine 3 beste spelarar, med sinnsjuke 24 mål og imponerande 8 assists. Med sine lynraske steg og hypnotiserande fotarbeid har han verkeleg satt sitt preg på ligaen. Samspelet med Sadio Mané og spesielt Roberto Firmino har vore elektrisk bra denne sesongen. Dersom ein skal putte pengar på at nokon skal score i denne kampen, så er han den soleklare favoritten. Kjem han til å overliste verdas beste keeper? Sjå opp for egyptiske Mohamed Salah. 

Tidlegare møter

Dei siste 4 oppgjera mellom dei to laga i alle konkurransar har enda i uavgjorte kampar, og det er eit klart mønster her. 1-1, 0-0, 1-1 og 0-0 er dei 4 siste resultata. Men, før alle uavgjortane, så var Manchester United det dominerande laget med 4 sigrar på rappen i ligaen. Dette tyder på at nivået mellom dei to klubbane har jamna seg ut dei siste sesongane. 

Tips

Dette blir ein jamn kamp, og laga kan fort utlikne kvarandre sine styrker. Liverpool har 4 sigrar og 1 uavgjort dei siste 5 kampane, medan Manchester United har 3 sigrar, 1 uavgjort og 1 tap på dei 5 siste. Mohamed Salah i fantastisk form, saman med Roberto Firmino og Sadio Mané er nok til å skremme dei fleste, men laget frå Manchester har verdas beste keeper i mål. Og det har vore til hjelp mange gangar. Manchester United er gode på heimebane og taper nærmast aldri der. Med Liverpool si form og Man Utd si heimebaneform, så ser eg kun eitt utfall her, og det er ein kamp utan avgjersle. Mitt resultattips: 1-1. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bør Tottenham selje Harry Kane?

Kva lærte vi av Liverpool - Tottenham?

Frå verdas beste til ganske god - kva har skjedd med Harry Kane?