Preview: Bournemouth - Tottenham

Preview: Bournemouth - Tottenham

Søndag kl. 17.00 møtest sørkystklubben Bournemouth og hovudstadslaget Tottenham til dyst. Kjem Bournemouth til å ta ein skalp eller kjem Tottenham til å ta ein oppskriftsmessig siger? 

Lagnyheiter - Bournemouth

For "The Cherries" er det kun Tyrone Mings som garantert er ute, men vingen Marc Pugh er også mest sannsynleg ute. Dei kjappe kantspelarane Jordon Ibe og Ryan Fraser skal gjennomgå testar for å sjå om dei er klare til å spele på søndag ettermiddag.

Lagoppstillinga blir mest sannsynleg:
Asmir Begovic
Simon Francis - Steve Cook - Nathan Aké - Charlie Daniels
Adam Smith - Lewis Cook - Dan Gosling - Junior Stanislas
Joshua King - Callum Wilson

Den defensive poteta Simon Francis startar fort som høgreback i ein 4-4-2-formasjon, men kan også gå inn i ei 3-/5-backslinje der Adam Smith og Charlie Daniels blir vingbackar. Joshua King kan også starte litt bak spydspiss Callum Wilson i noko som kan likne ein 4-4-1-1-formasjon. Desse to i tillegg til Junior Stanislas kjem til å gjere opp Bournemouth sin offensive trussel. Dersom Ibe og Fraser er klare for å bli med på benken, så kan dei fort kome inn og endre kampbiletet dersom det trengs. 

Lagnyheiter - Tottenham

For "Spurs" er Toby Alderweireld garantert ikkje med til sørkysten for å spele fotball. Eric Dier har pådratt seg ei lita skade, men er ikkje 100 % ute av oppgjeret. Sidan Tottenham har så få skader, så blir det vanskeleg å tippe lagoppstillinga.

Lagoppstillinga blir mest sannsynleg:
Hugo Lloris
Serge Aurier - Davinson Sanchez - Jan Vertonghen - Ben Davies
Victor Wanyama - Mousa Dembele
Christian Eriksen - Dele Alli - Heung-Min Son
Harry Kane

Mange av dei som spelte mot Juventus onsdag kveld får nok også tillit i denne kampen, men med nokre få unntak. Eg trur at Serge Aurier får starte, p.g.a. at backplassen er krevande og det er mogleg at Kieran Trippier treng kvile. Danny Rose kan spele i staden for Ben Davies av liknande grunnar, men Davies har vist at han taklar å spele mange kampar på kort tid, noko som gjer at han fort kan starte her. Wanyama kjem nok inn for Dier som ikkje er heilt 100 % klar. Eg kan sjå for meg at Alli eller Son får kvile seg og at Lucas eller Lamela kjem inn, men eg har trua på at Son si fantastiske form gjer at han får fortsette i laget. 

Spelarprofil: Heung-Min Son

Sørkoreanske Heung-Min Son har vore fantastisk god denne sesongen, og har scora 3 mål på dei 2 siste kampane. Han har imponerande 16 mål og 9 assists i alle turneringer denne sesongen. Den fotrappe vingen har tilført Tottenham noko dei har mangla utan han, nemleg tempo. Alli, Eriksen og Kane er fantastiske spelarar, og dei er ikkje spesielt treige heller, men Son har skapt ein ny dimensjon i dette laget. I tillegg er Son fantastisk god med begge bein, noko som også gjer han vanskeleg å forutsjå. Når Heung-Min Son er i form, så er han nærmast ustoppeleg. Sjå opp for Heung-Min Son kl. 17.00 på søndag!

Tidlegare møter

Tottenham og Bournemouth har møtt kvarandre i Premier League 5 gongar, der Tottenham har sigra i 4 av dei kampane, medan den siste enda i uavgjort. Bournemouth hadde aldri spelt Premier League før 2015/2016-sesongen, noko som forklarer at dei har så få oppgjer mellom seg. Tidlegare denne sesongen vann Tottenham 1-0 på Wembley, der danske Christian Eriksen scora. Førre oppgjer på Vitality Stadium, eller Dean Court som det eigentleg heiter, enda i ein kjedeleg 0-0-kamp. Men alle kampane sett under eitt, har Tottenham eit godt tak på Bournemouth. 

Tips

Eg har verkeleg trua på at dette kan bli ein artig kamp å sjå på, spesielt for den nøytrale. Bournemouth som spelar angrepsvillig fotball, i forhold til mange av dei andre laga på nedre halvdel, mot eit Tottenham som også likar å angripe legg alt til rette for festfotball. Det kan fort bli ein kamp med høgt tempo og mange svingingar. På sine 5 siste kampar har Bournemouth 2 sigrar, 2 uavgjorte kampar og 1 tap. Tottenham på si side har 3 sigrar, 1 uavgjort og 1 tap på sine 5 siste kampar. M.a.o. er Tottenham i litt bedre form. Bournemouth sin offensive stil kan gjere at dei leverer ein kjempekamp eller at dei blir slakta. Tottenham spelar betre mot lag som ikkje "parkerar bussen" og eg trur at Bournemouth sin stil passar dei godt. Sjølv om Tottenham har hatt litt mindre kviletid m.t.p. Champions League-kampen mot Juventus, så trur eg at bortelaget stikk av med sigeren. Med Son i fantastisk form og viljen til å "bounce" tilbake med ein siger etter det sure tapet i midtveka, så tek Tottenham sigeren i denne kampen. Harry Kane har ikkje scora sidan Crystal Palace-kampen, som er ei stund til å vere han, så han kjem nok til å score. Mitt resultattips: 1-3. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bør Tottenham selje Harry Kane?

Kva lærte vi av Liverpool - Tottenham?

Frå verdas beste til ganske god - kva har skjedd med Harry Kane?