Preview: Ligacup-finale

Preview: Arsenal - Manchester City

Søndag 25. februar kl. 17.30 er det duka for den første av to cupfinaler denne sesongen. Arsenal møter Manchester City på sjølvaste Wembley, også kalla "Home of Football". 

Lagnyheiter - Arsenal

For Arsenal er Alexandre Lacazette og Santi Cazorla garantert ute søndag, medan Mesut Özil og Aaron Ramsey er "50-50". Dersom det viser seg at Özil og Ramsey er utilgjengelege, så er det definitivt med på å hindre Arsenal si kreative kraft. 

Lagoppstillinga blir mest sannsynleg:
Petr Cech
Hector Bellerin - Shkodran Mustafi - Laurent Koscielny - Nacho Monreal
Granit Xhaka - Jack Wilshere
Mesut Özil - Aaron Ramsey - Henrikh Mkhitaryan
Pierre-Emerick Aubameyang

Slik vil nok Arsenal starte med Özil og Ramsey "fit for fight", men dersom dei ikkje startar kan ein forvente at Alex Iwobi kjem inn på ein av plassane, og kanskje til og med Mohammed Elneny for å få litt meir defensiv og stabiliserande kraft. 


Lagnyheiter - Manchester City

Med Manchester City er langtidsskada Benjamin Mendy fortsatt ute, medan Gabriel Jesus og Raheem Sterling skal gjennomgå testar tett opptil kampen for å sjå om dei kan vere med. I tillegg fekk Fabian Delph raudt kort mot Wigan i FA Cup-fadesa mandag kveld. Dette gjer venstreback-plassen open for andre. 

Lagoppstillinga blir mest sannsynleg:
Ederson
Kyle Walker - John Stones - Nicolas Otamendi - Danilo
Kevin De Bruyne - Fernandinho - Ilkay Gündogan
Raheem Sterling - Sergio Agüero - Leroy Sané

Manchester City har fleire alternativ fleire plassar på bana. Dei fire midtstopparane John Stones, Nicolas Otamendi, Vincent Kompany og nyervervelsen Aymeric Laporte kan alle få tillit frå start. Venstreback-plassen står mest sannsynleg mellom dei omskulerte spelarane Danilo og Oleksandr Zinchenko. Dersom Raheem Sterling ikkje blir klar, så kan ein sjå for seg at Bernardo Silva kan gå inn i laget. 

Tidlegare møter

På dei siste seks offisielle kampane mellom laga har det blitt to sigrar kvar og to uavgjorte kampar. Ein av dei kampane var på Wembley i april i fjor då Arsenal slo Manchester City 2-1 på veg til cuptriumf, som kan vere med på å gi ein psykologisk fordel. Begge sigrane til City har kome på Etihad Stadium, medan Arsenal vann sine to kampar henholdsvis på Emirates Stadium og Wembley. Arsenal har hatt fleire gode stunder på Wembley, og har vunne omtrent alt dei har spelt der dei siste fire åra før lokaloppgjeret mot Tottenham for to veker sidan. Tidlegare denne sesongen vann City 3-1 mot Arsenal på Etihad i ein overbevisande siger.

Spelarprofil: Kevin De Bruyne

Saman med Harry Kane og Mohamed Salah har Kevin de Bruyne utvilsomt vore ein av Premier League sine beste spelarar denne sesongen. Han står med 7 mål og er ligaen sin assistkonge med 14 stk. Det som gjer De Bruyne så spesiell er at han kan spele i fleire roller på midtbana. Han kan vere den tradisjonelle "10-aren" samstundes som han er i stand til å spele djupare i bana. Det som har vore ein av Arsenal sine verkebyllar heilt sidan Patrick Vieira drog, er den defensive midtbana. Sidan Arsenal sitt svakaste punkt er nettopp sentralt på midtbana, trur eg at De Bruyne kjem til å dominere totalt og styre kampen på søndag ettermiddag. Om du ikkje allereie har gjort det, "watch out" for Kevin De Bruyne. 


Tips

Arsenal har hatt ein god "track record" dei gangane dei har spelt på Wembley, spesielt i cupfinaler. Sjølv om det har vore uro i Arsenal-leiren ei god stund no, med klinsj mellom styret/Arsene Wenger og fansen (les: Arsenal Fan TV), så kan dei hamle opp med eit historisk sterkt City-lag dersom dei har dagen. City på si side har hatt ein fabelaktig sesong, og har vore det klart beste laget i England. Det at Sterling ikkje er 100 % klar kan spele ei rolle, men eg trur at vi får sjå eit City-lag som dominerer og som løfter sitt første av fleire trofé denne sesongen. Resultattips: 1-3. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bør Tottenham selje Harry Kane?

Frå verdas beste til ganske god - kva har skjedd med Harry Kane?

Kva lærte vi av Sheffield United 3-1 Tottenham?