Preview: Crystal Palace - Tottenham

Preview: Crystal Palace - Tottenham

Min første preview på denne bloggen blir London-derbyet Crystal Palace - Tottenham. Kampen spelast på søndag 25. februar kl. 13.00 på Selhurst Park, ein dag tidlegare enn først planlagt, sidan Tottenham kun klarte uavgjort mot League 1-laget Rochdale i FA Cupen og må ut i omkamp onsdag 28. februar.

Lagnyheiter - Crystal Palace

Crystal Palace har ein god del skader før oppgjeret på søndag formiddag. Bakary Sako, Scott Dann, Jason Puncheon, Julian Speroni og Jeffrey Schlupp er alle ute mot Tottenham, i tillegg til laget si store stjerne Wilfried Zaha. Ruben Loftus Cheek og Connor Wickham er usikre, medan Mamadou Sakho og Martin Kelly kan bli klare. 

Sjølv om Christian Benteke er speleklar, så kan alle skadene gjere at nordmannen Alexander Sørloth får sin heimedebut foran det ekstra engasjerte publikummet på Selhurst Park. 

Lagoppstillinga blir mest sannsynleg:
Wayne Hennessey
Joel Ward - Timothy Fosu-Mensah - James Tomkins - Patrick van Aanholt
Andros Townsend - Luka Milivojevic (C) - Yohan Cabaye - James McArthur
Christian Benteke - Alexander Sørloth

Lagnyheiter - Tottenham

Tottenham har for første gang på lang, lang stund skadefri tropp. Dette gjer lagoppstillinga ganske vanskeleg å tippe. Backplassane blir ofte rullert på, og i tillegg gjorde nyervervelsen Lucas Moura ein svært god figur mot Rochdale som gjer at han definitivt blir med i diskusjonen om ein plass frå start. Heung Min Son gjorde ein dårleg kamp mot Rochdale og har i tillegg hatt ei litt dalande formkurve den siste tida, som opnar opp for enten Erik Lamela eller Lucas Moura. 

Spelarar som Toby Alderweireld, Harry Winks og Victor Wanyama har nettopp kome tilbake frå langvarige skadar og er ganske rustne, som blei bevist i FA Cupen forrige helg. Dette gjer at dei mest sannsynleg ikkje startar kampen. 

Lagoppstillinga blir mest sannsynleg: 
Hugo Lloris (C)
Kieran Trippier - Davinson Sanchez - Jan Vertonghen - Ben Davies
Eric Dier - Mousa Dembele
Lucas Moura - Dele Alli - Christian Eriksen
Harry Kane

Tidlegare møter og augneblink

Tottenham har vunne dei siste fem kampane i ligaen mot Crystal Palace. I fire av dei fem sigrane har resultatet blitt 1-0. Dette viser at kampane generelt sett har vore målfattige og bikka i Tottenham sin favør. Forrige kamp, som var på Wembley i november i fjor, var prega av skader og sjukdom i Tottenham-laget. Paulo Gazzanigga fekk debuten sin den kampen og redda Tottenham frå å tape poeng. Crystal Palace var det farlegaste laget og Tottenham var sløve og slappe, og fortente ikkje sigeren.

Eit av dei finaste Premier League-måla dei siste åra skjedde i dette oppgjeret i januar 2016. Alle hugsar då Dele Alli lobba ballen over Mile Jedinak og banka ballen i mål på heil-volley.  

Tips

Dersom ein skal gå ut frå tidlegare møter og antal skader så peikar alle piler mot siger for Tottenham. Det at kampen har blitt flytta frå mandag-kveld til tidleg-kamp på søndag er nok også ein fordel for bortelaget. Den elektriske stemninga under flomlysa på Selhurst Park har skremt mange. Harry Kane likar godt å spele mot London-lag og ein kan sjå for seg at det blir eitt mål eller to på han. I tillegg har Tottenham vore i god form gjennom eit tøft kampprogram og vil nok ta med seg denne forma utover resten av sesongen, slik som dei gjorde forrige sesong. Crystal Palace har luftstyrke på topp med Christian Benteke og Alexander Sørloth, og det gjer dei farlege på dødballar, men at dei manglar Wilfried Zaha gjer laget mykje mindre kreativt. Dette gjer at Tottenham kjem til å ha god kontroll på kampen. Resultat-tips: 0-2.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Dele Alli bør få speletid – her er kvifor:

Kva er grunnen bak Højbjerg sin formdupp?

Analyse: Korleis kjem Pochettino sitt PSG til å sjå ut?